Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale
Spelefilm
Video

Kompani Orheim

Kompani Orheim er ein norsk spelefilm frå 2012 som handlar om livet i ein dysfunksjonell familie i Stavanger på 1980-talet. Hovudpersonen hugsar tilbake til barndomstida med to foreldre som gjorde sitt beste, men som likevel ikkje klarte å gi han ein trygg oppvekst.

Til læraren

Korleis filmen eignar seg i skulen

Kompani Orheim eignar seg godt i arbeidet med dei tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, og då særleg med eit blikk på oppvekst og identitet.

Filmen passar òg i norskfaget, både i arbeid med filmatisk adaptasjon og som gjenstand for litterær og filmatisk analyse.

Om filmen

Kompani Orheim er ei oppveksthistorie basert på boka med same namn, skriven av Tore Renberg. Det er den tredje filmen som er laga om Renbergs romanfigur Jarle Klepp, men handlinga er lagd til tida før dei to tidlegare filmane. Derfor fungerer filmen som ein frittståande forløpar.

Filmen nyttar seg av eit retrospektivt perspektiv, der hovudpersonen ser tilbake på barndommen sin og reflekterer over kva han har hatt å seie for livet hans.

Regissør Arild Andresen har fokusert på ein balanse mellom det mørket og det lyse i arbeidet med ein vanskeleg tematikk. Humor og avstand er grep som blir nytta for å skildre ei historie som tidvis er for vanskeleg å takle.

Filmen vart nominert til Amandaprisen for beste norske film og dessutan Nordisk råds filmpris i 2012.

Filmsamandrag

Jarle Klepp får ein trist beskjed heimanfrå, noko som vekker til live gamle minne. Han reiser heim til barndomsheimen sin, der far hans vart buande etter skilsmissa.

Vi følger Jarles minne tilbake til tida då han budde med foreldra sine i eit rekkehus i Stavanger. Far i huset er alkoholikar med sinnemeistringsproblem og tidvis valdeleg; mor er engsteleg og underkua.

Filmen består tidvis av nokre sterke scener, og temaa som blir løfta fram, er mellom anna skyld, forsoning og kva det kostar å bryte med familien sin.

Skrive av Tonje Holtan Tellefsen. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 07.05.2026