Klassen sine serievanar - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Klassen sine serievanar

Kva TV-seriar ser de på, og kva kjenneteiknar dei ulike seriane? I denne oppgåva skal de kartleggje klassen sine TV-serievanar.

Klassen sine serievanar

a) Lag ei undersøking i klassen for å få oversikt over kva TV-seriar som er mest populære.

Bruk gjerne denne Kahooten som hjelpemiddel til å kartleggje klassen sine serievanar:

b) Sjå nærmare på den serien som er mest populær i klassen:

  • Kva er det som kjenneteiknar serien sin forteljeteknikk?
  • Kva verkemiddel blir brukte?
  • Kva sjanger er serien?
  • Består serien av fleire sesongar?
  • Forsøk å finne ut av om filmskaparane marknadsfører nye sesongar eller episodar med trailerar og teaserar. Kvar blir desse «reklamane» publiserte?
Skrive av Tina Andersson Jensen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 23.05.2017