Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Gassar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Propan og butan

Propan og butan er kanskje mest kjende som drivstoff i mellom anna gassgrillar og lighterar. Også i industrien kan desse gassane nyttast som brensel i varmekjelder og drivstoff.

Kva er propan og butan?

Propan (C3H8) og butan (C4H10) er begge hydrokarbon, det vil seie at dei består av hydrogen- og karbonatom. Dei høyrer til gruppa alken og er fargelause, luktfrie gassar under normale temperatur- og trykkforhold. For å gjere dei lettare å oppdage ved lekkasjar blir det sett til eit luktstoff som gir dei ei karakteristisk lukt.

Propan har eit kokepunkt på —42 °C, mens butan har eit kokepunkt på —0,5 °C, noko som betyr at propan blir verande i gassform ved lågare temperaturar enn butan. Begge gassane er lett antennelege, noko som gjer dei svært nyttige som drivstoff.

Bruksområde innan industri

Propan og butan har mange viktige bruksområde innan industri og hushald. Propan blir ofte brukt som drivstoff til oppvarming, matlaging og i gassgrillar. Det blir òg brukt i industrielle prosessar, som metalltilarbeiding, der høg varme er nødvendig. Propan er òg ein komponent i LPG (liquefied petroleum gas), som blir brukt til oppvarming og som drivstoff for enkelte køyretøy.

Butan blir òg brukt som drivstoff, ofte i lighterar og berbare kokeapparat. I industrien blir butan brukt som eit kjølemiddel og som drivmiddel i sprayboksar. Det er òg ein komponent i LPG. Ein spesiell eigenskap ved butan er at det kan lagrast som væske ved relativt lågt trykk, noko som gjer det praktisk for berbare bruksområde.

Lagring

For å sikre trygg lagring bør vi alltid oppbevare propan- og butangassbehaldarar i eit dedikert og godt ventilert område. Dette området bør vere beskytta mot direkte sollys og ekstreme temperaturar. Det er òg viktig at gassbehaldarane står oppreiste på ei stabil overflate for å unngå velting eller skade på ventilar.

I tillegg bør lagringsområdet vere fritt for tennkjelder som open eld, gnistar, elektriske apparat og varmekjelder. Det skal òg vere strengt forbode å røyke i nærleiken av gassbehaldarar. Det blir tilrådd å halde området fritt for brennbare materiale som tre, papir eller andre lettennelege stoff, for å redusere risikoen for brannspreiing.

Under transport bør propan- og butangassbehaldarar handterast med varsemd. Det bør brukast eigna køyretøy eller transportmiddel som er utstyrte med sikre festemiddel og ventilasjonsmoglegheiter.

Miljøutfordringar

Bruk av propan og butan har nokre miljøutfordringar. Forbrenning av desse gassane frigjer karbondioksid (CO2), ein drivhusgass som bidreg til global oppvarming. Sjølv om propan og butan brenn reinare enn mange andre fossile brensel, bidreg dei framleis til klimagassutslepp. Ved ufullstendig forbrenning kan dei òg produsere karbonmonoksid (CO), som er ein giftig gass.

Lekkasje av desse gassane kan vere farleg fordi dei er svært brannfarlege. I tillegg kan dei bidra til luftforureining og smogdanning når dei reagerer med andre kjemikal i atmosfæren.

For å minimere miljøpåverkinga er det viktig med rett oppbevaring og handtering av propan og butan. I tillegg er det viktig å bruke effektive forbrenningsteknologiar som reduserer utsleppa av skadelege stoff.

Sikkerheitsdatablad

Her kan du laste ned døme på sikkerheitsdatablad for propan og butan.

Oppgåve

I denne oppgåva skal du analysere datablada for gassane og svare på spørsmål frå innhaldet.

Under finn du oppgåva i eit tekstdokument du kan laste ned og skrive inn i. Du finn døme på datablad på nettsidene til Linde.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 25.08.2023