Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Klimaendringar

Oppgåve
Video

Jobb med filmen 2040

Kva om framtida var full av smarte løysingar og håp? I dokumentaren 2040 utforskar Damon Gameau korleis verda kan bli viss vi tek gode val i dag. Gjennom ekte prosjekt og menneske som gjer ein forskjell, får de inspirasjon til å tenke nytt om framtida.

Før de ser filmen

I dette opplegget skal de reflektere over eigne tankar om 2040, følge med på løysingane som filmen presenterer, og jobbe vidare med kreative og personlege oppgåver.

Kva trur de om framtida?

Jobb åleine

Tenk deg at vi er i 2040 – kva ser du for deg? Skriv ned nokre tankar:

  1. Kor gammal er du i 2040? Kva slags liv trur du at du lever?

  2. Korleis trur du verda ser ut i 2040?

  3. Kva trur du er den største miljøutfordringa då?

Felles i klassen

Del noko av det de har tenkt på. Kva tenker de vi kan og bør gjere no, for at framtida skal bli best mogleg?

Sjå filmen (92:00)

Kva løysingar finst allereie?

Følg med på kva løysingar som blir viste i filmen – og korleis dei verkar. Noter minst tre til fire løysingar mens du ser filmen. Du treng ikkje skrive lange setningar, stikkord held.

Skriv ut skjemaet under, og ta notat i det undervegs i filmen.

Etter at de har sett filmen

Kva tenker de no? Bruk det de har sett og skrive ned, til å jobbe vidare med innhaldet i filmen.

1. Framtidsbrev til deg sjølv: "Mitt 2040"

Tenk deg at du vaknar ein dag i år 2040. Du er vaksen, og verda har forandra seg. Korleis ser livet ditt ut?

I denne oppgåva skal du skrive eit personleg brev eller dagboknotat til deg sjølv – som om du lever i år 2040. Bruk dokumentarfilmen 2040 som inspirasjon til å reflektere over korleis framtida kan bli viss vi tek i bruk dei berekraftige løysingane vi allereie har i dag.

Dette skal vere med i teksten din:

  • Korleis ser ein vanleg dag ut for deg i 2040?

  • Kva jobbar du med? Kvar bur du?

  • Kva for nokre berekraftige løysingar finst i samfunnet rundt deg?

  • Korleis påverkar klima og teknologi kvardagen din?

  • Kva har du sjølv gjort for å bidra til ei betre framtid?

Tips til inspirasjon

  • Bruk døme frå filmen: fornybar energi, grønt jordbruk, lokal mat, transport, tang og sjøgras, utdanning, delingsøkonomi.

  • Tenk kreativt og positivt – kva kan vere mogleg viss vi tek gode val i dag?

2. Gruppearbeid: Utforsk ei løysing

  1. Klassen blir delt inn i grupper der kvar gruppe fordjupar seg i éi av løysingane frå filmen.

    Finn ut:

    • Kva går løysinga ut på, og korleis fungerer ho?

    • Kvar i verda blir denne løysinga brukt allereie i dag? Finn minst eitt konkret døme frå verkelegheita (land, by, prosjekt eller organisasjon).

    • Korleis kan denne løysinga bidra til å forbetre samfunnet eller klimaet innan 2040?

    • Korleis kunne løysinga blitt brukt i Noreg eller i lokalmiljøet dykkar?

  2. Gruppene presenterer funna sine, og klassen diskuterer deretter korleis desse løysingane kan påverke framtida dykkar.

Hovudløysingane som filmen løftar fram

Desse løysingane er ikkje futuristiske fantasiar – dei finst her og no.

Regenerativt landbruk

Bruk av jordbruksteknikkar som bygger opp jordsmonnet, bind karbon og aukar matsikkerheita. Dette inkluderer dekkvekstar, mangfaldige plantesystem og naturleg gjødsling.

Fornybar energi

Sol-, vind- og andre fornybare energikjelder er allereie tilgjengelege og kostnadseffektive. Filmen viser spesielt korleis desentraliserte solenergisystem gir lokalsamfunn kontroll over eigen straumproduksjon.

Berekraftig transport

Smarte byløysingar, el-køyretøy, delingstenester og sykkelvennleg infrastruktur reduserer utslepp og forbetrar livskvaliteten i byane.

Sirkulær økonomi

Overgang frå "bruk og kast" til system der ressursar blir gjenbrukte og avfall blir minimert. Dette inneber redesign, resirkulering og produktleige framfor eigarskap.

Tang og sjøgras som karbonfangar

Dyrking av sjøgras som kan trekke CO2 ut av atmosfæren. Samtidig kan sjøgras brukast til mat, dyrefôr og bioplast.

Utdanning og styrking av jenter og kvinner

Filmen framhevar korleis utdanning av jenter og tilgang til familieplanlegging gir lågare befolkningsvekst og betre samfunnsutvikling.

Digital teknologi og lokal deling

Bruk av digitale plattformer som mogeleggjer lokal handel, energidelingssystem og smartare ressursbruk.

3. Kreativt prosjekt: Korleis ser draumeverda di ut?

Tenk deg at det er år 2040, og verda har blitt ein betre stad fordi menneske har teke kloke og berekraftige val. No skal du lage ei kreativ framstilling av korleis du ser for deg denne framtida.

Lag ein presentasjon av korleis du ønsker at verda skal sjå ut i 2040. Ta utgangspunkt i løysingar frå dokumentarfilmen 2040, og kombiner dei med eigne tankar og draumar om framtida.

Du kan velje sjølv korleis du vil uttrykke deg:

  • kollasj

  • teikning eller illustrasjon

  • PowerPoint-presentasjon eller ein annan digital presentasjon

  • kort video eller digital forteljing

  • plakat eller veggavis

4. Del og diskuter

  • Kva er ønska dykkar for framtida?

  • Kva for nokre av løysingane frå 2040 trur de er mest realistiske? Forklar kvifor.

  • Kva løysingar frå filmen inspirerte dykk mest?

  • Er de optimistiske eller pessimistiske med tanke på framtida – og kvifor?

  • Kva kan vi gjere allereie no, som vil påverke korleis verda ser ut i 2040?

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist oppdatert 02.09.2025