Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Klimaendringar

Oppgåve

Feltarbeid: Undersøking av ei palsmyr

I dette feltarbeidet skal de studere ei palsmyr. Palsmyr er ein type myr med permafrost. På grunn av klimaendringane smelter permafrosten i palsane, og palsmyrer er derfor ein trua naturtype.

Innleiing

Palsmyr er ein type myr med palsar, som er store torvhaugar med ein kjerne av . Palsmyrer finst først og fremst i indre strøk av Finnmark og Troms, og i tillegg finst det nokre palsmyrer i fjordstrøka i Finnmark. I Sør-Norge er det nokre palsmyrer på Dovrefjell og fjellområda vidare austover.

I tillegg til dei tørre palsane har palsmyrer òg våtare område. Dette gir stor variasjon i tilgangen på mat og hekkeplassar for vadefuglar.

Molter veks godt på palsmyrer, og derfor er myrene viktige for menneske. På grunn permafrosten vart palsane tidlegare òg brukte som kjøleskap på sommaren.

Eit varmare klima kan endre forholda for artane som lever i palsmyra, og i tillegg frigjere karbon som har vore frosen i permafrosten.

Formål

Formålet med dette feltarbeidet er å undersøke nokre forhold i ei palsmyr og vurdere om permafrosten i palsane er i ferd med å smelte.

Utstyr

  • kart over området

  • bestemmingslitteratur og appar til artbestemming

  • måleband

  • tau/hyssing til linjeanalysen

  • kamera/mobiltelefon

  • skjema og skrivesaker

  • posar til plantar

Framgangsmåte

Ta omsyn til at palsane er sårbare for mekaniske skadar.

  1. Beskriv myra, og teikn inn palsane på eit kart.

  2. Registrer dominerande planteartar langs ei linje frå øvst på ein pals og ned til dei flate delane av myra. Dette gjer de ved å merke av ruter på 1 x 1 m langs linja, ei rute for kvar del av myra. Merk av rutene på kart. Registrer deretter dei artane som er vanlegast i rutene.

  3. De kan eventuelt plukke med torvmose til å undersøke vidare på skulen i forsøket om oppsugingsevna til torvmose.

  4. Sjå etter teikn til store dyr: spor, avføring, pels, fjær, gevir og liknande.

  5. Undersøk om de ser teikn til at palsane smeltar:

    • Er det nokon område i det fuktigare området rundt palsen der det er vegetasjon som eigentleg er typisk for palsen? Dette tyder på eit nyleg smelta område.

    • Er det sprekkar i palsane?

    • Er det smeltevassdammar rundt palsen? I så fall kan de pirke i vatnet og undersøke om det stig opp gass. Dette kan vere metangass frå nedbryting av organisk materiale som nyleg har smelta.

    • Tilbake på skulen kan de samanlikne myra med flyfoto frå nettsida norgeskart.no. Har storleiken på palsane forandra seg?

Spørsmål til diskusjon og vidare arbeid

  • Kva har det å seie for klimaet at permafrost smelter?

  • På kva måte er myrer karbonlager?

  • Kvifor kan smeltedammar rundt palsane forsterke oppvarminga?

  • Rein beiter ofte på palsane i palsmyrar. Då grev dei gjerne bort snø oppå palsane. Korleis påverkar dette permafrosten?

  • Kvifor finn vi ikkje dei same artane på palsane og i dei flatare delane av myra?

  • Kva har myrer å seie for biologisk mangfald?

  • Kva heiter myra der de var? Kan stadnamnet seie noko om myra, til dømes bruken?

Podkast: Skumle fortelljingar frå myra (på nordsamisk)

Forteljartradisjonen i samisk kultur tek ofte for seg hendingar i naturen. I denne podkasten kan du høyre skumle historier frå myra. Legg merke til dei mange orda som forteljarane bruker for å beskrive naturen, inkludert myra.

Podkast frå NRK: "Utburder og myr" (nordsamisk)

Kjelde

Hofgaard, A., Kyrkjeide, M.O. & Myklebost, H.E. (2020). Palsmyr – en naturtype vi er i ferd med å miste. (NINA Temahefte; 80). Henta frå https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2721415.

Relatert innhald

Myr er meir enn mygg og molter

Myr betyr søkkvåte sokkar, store omvegar og fleirfaldige myggstikk. Men myrane er også blant dei viktigaste naturressursane vi har.

Skrive av Kari Marlene Mulder.
Sist oppdatert 17.01.2025