Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Skjel og havforsuring

Både skjel og eggeskal inneheld kalk. Korleis blir dei påverka av pH i vatn?

Føremål

Undersøk korleis skjel og eggeskall blir påverka av surleiksgrada i vatnet.

Framgangsmåte

  1. Nummerer glas, skjel og eggeskal frå 1 til 3. Om det er vanskeleg å skrive med tusj på eggeskala og skjela, kan de til dømes lage prikkar med naglelakk for å nummerere.
  2. Legg skjel og eggeskal i glaset med same nummer som på skjelet/skalet.
  3. Tilset 200 milliliter vatn til glas 1 og 2. Pass på at skjela og skala er dekte av vatn.
  4. Tilset 200 milliliter eddik til glas 3. Pass på at skjela og skala er dekte av eddik.
  5. Tilset 10 dropar BTB til kvart glas.
  6. Bruk eit sugerøyr, og blås ned i vatnet i begerglas 2 i 2 minutt.
  7. Skru på loka på glasa.
  8. La prøvene stå i fleire dagar.

Registrering av data – veg skjel og eggeskal

  • Veg skjela og eggeskala kvar dag om de kan.
  • Ta opp skjela og eggeskala og tørk dei med papir før de veg dei. NB! Hald oversikt over i kva glas skjela og eggeskala høyrer heime.
  • Legg skjela og eggeskala tilbake i glasa de tok dei frå.
  • Skru på loka på glasa.

Resultat

  • Beskriv korleis skjela og eggeskala ser ut før de startar forsøket. Ta bilete.
  • Registrer massen til skjela og eggeskala i kvart av dei tre glasa i ein tabell:
Observasjonar

Dag

GLAS 1 – vatn

GLAS 2 – CO2

GLAS 3 – eddik

1

2

3

4

5

6

7

  • Beskriv utsjånaden til skjela og eggeskala etter at de har avslutta forsøket. Ta bilete.

Diskusjon

  • Beskriv kva de har funne ut, og eventuelle mønster de har observert.
  • Kva konsekvensar trur de meir havforsuring vil ha for marine organismar som er avhengige av kalkskal? Bruk resultata frå forsøket når de forklarer korleis de tenkjer.

Denne sida er ei omarbeidd utgåve av Concord.org

Skrive av Steve Roderick, Dan Damelin og Tom Bielik. Rettshavarar: The Concord Consortium og CREATE for STEM Institute
Sist fagleg oppdatert 06.12.2019