Surare hav

Karbondioksid og vatn blir kolsyre
Karbondioksid som er i atmosfæren blir løyst opp i vatn. Karbondioksid reagerer med vatn, og dannar karbonsyre (kolsyre). Karbonsyra gjer at det blir høgare konsentrasjon av hydrogenion i vatnet.
Hydrogeniona kan reagere med karbonation. Karbonat er det stoffet som kalklevande organismar må ha for å kunne lage skalet eller skjelettet sitt. Viss dei taper kampen om karbonat, vil dei ikkje kunne bygge skal som beskytter dei godt nok mot omgivnadane.
Forsuringa aukar med CO2-konsentrasjonen i atmosfæren
Opptak av CO2 i vatn er ein naturleg prosess, men opptaket aukar i takt med auka utslepp av CO2. Dei siste 200 åra har verdshava i gjennomsnitt blitt 27 % surare i overflata.
Tenk gjennom!
Havet er surare om vinteren enn om sommaren. Kvifor er det slik, trur du?

Arktiske økosystem er spesielt utsette
Havområda i nord er spesielt utsette for auka forsuring. Ulikt mange andre stoff, løyser karbondioksid seg lettare i kaldt vatn enn i varmt vatn.
Organismar som dannar kalkskal er sårbare når pH-verdien søkk. Dette gjeld til dømes kråkebollar, korallar, hummar, sniglar og muslingar.
Vengesniglane er ei gruppe plankton som er ei viktig næringskjelde for mange andre artar. Den er ein nøkkelart i arktiske havøkosystem. Vengesnigelen har eit skal laga av kalk, og er derfor sårbar for endring i surleiksgrad.

Arktiske økosystem er mykje enklare enn økosystem i tropiske område. Arktiske artar som forsvinn, vil ha stor innverknad på økosystema her.
Korallrev er noko vi gjerne assosierer med tropiske område, men det finst mange korallrev langs norskekysten også. Korallreva er viktige leveområde for andre organismar. Virvellause dyr er spesielt talrike, men også fiskeartar som uer og brosme.
Film: Hvordan påvirkes havet av klimagasser?
I denne filmen (lengde 3:57) får du vite meir om korleis havet blir påverka av klimagasser.
Oppgåver
Oppgåve 1
Oppgåve 2
Oppgåve 3
Jobb vidare med havforsuring i ressursane under: