Forsøk
Feltarbeid: Påvising av mikroplast
Ta prøver av vatn, sediment eller vegstøv og undersøk om de finn mikroplast. Utfør ulike forsøk for å hente ut og analysere mikroplast i prøvene.

Mikroplast er plastbitar som er mindre enn 5 mm. Vi kan ofte kjenne dei igjen på fargen. På biletet er det lett å få auge på dei raude og blå plastbitane. Dei svarte, brune og kvite korna på biletet kan sjå ut som sandkorn, men det kan vi ikkje seie med sikkerheit før vi har undersøkt dei nærare.
I dette forsøket skal de påvise mikroplast i eit område de sjølve vel.
Prøvetaking
Ta prøver frå det de vil undersøke. I dette forsøket er ikkje hensikta å bestemme konsentrasjonen av mikroplast, så volumet eller massen av prøva de tek, er ikkje så viktig. Tilpass mengda til dei behaldarane de bruker.
- Sediment
Ta prøver på ulike stader i vasskanten eller i fjæra. Bruk ein liten metallspade og overfør prøvene til eit prøveglas. - Vegstøv
Bruk ein liten kost (som ikkje er laga av plast) til å samle opp vegstøv. Overfør til eit prøveglas. - Vatn
Bruk ein planktonhåv til å samle opp ei vassprøve. Hugs å vaske håven godt før bruk. Overfør oppsamla vatn til ei prøveflaske. Eit alternativ til håv kan vere å samle vatn direkte i ei prøveflaske og filtrere dette når de er tilbake på skulen/laben.

Mikroplast blir definert som partiklar som er mindre enn 5 mm, men større enn 1 mikrometer. Ein planktonhåv har gjerne maskestorleik på 50–60 mikrometer og kan derfor eigne seg godt til å samle opp mikroplastpartiklar viss vi vil undersøke førekomst av mikroplast i vatn.
Ver merksam på faren for forureining av prøvene undervegs. Utstyret som blir brukt, må vere reint før bruk. Syntetisk tøy kan gi frå seg mikroplast og komme over i prøvene.
Separering – sediment, vegstøv eller kosmetikk

Lag ei metta saltløysing som de blandar med prøva de har teke. Plastbitar som flyt opp, kan plukkast opp med ein pinsett og takast vare på for vidare undersøkingar.
- Gjer klar ei metta saltløysing ved å løyse 35 g NaCl til 100 mL vatn.
- Overfør prøva til eit begerglas. Skyl med vatn for å få med heile prøva.
- Tilset saltløysing til prøva. Rør om.
- Bruk pinsett eller pipette og ta ut plastbitar som flyt opp.
- Tilset meir saltløysing. Rør om. Plukk ut plastbitar.
- La prøva stå i ro ei stund (gjerne over natta).
- Hell øvste del av vatnet gjennom eit filter som står i ei trakt.
- Vreng filteret og overfør innhaldet til ei petriskål.

Plastbitar som er for små til å plukkast opp, eller som ikkje flyt opp, kan fangast opp i eit filter. Overfør bitane til ei petriskål og undersøk vidare med ei stereolupe eller eit mikroskop.
Separering – vassprøver
- Prøva blir helt gjennom eit filter som står i ei trakt.
- Vreng filteret og overfør innhaldet til ei petriskål.
Analyse
- Bruk ei stereolupe eller eit mikroskop og leit etter plastbitar.
- Bruk ein pinsett eller ei nål til å pirke borti. Eit tips kan vere å varme opp nåla og pirke borti ein partikkel for å sjå om han smeltar. Dersom han smeltar, kan vi vere sikre på at det er plast. Legg merke til at ikkje alle typar plast smeltar.
- Ta bilete av plastpartiklane med mobilen gjennom okularet til lupa/mikroskopet.
For kvar plastpartikkel registrerer de form, storleik, farge, mengde og kjelde. Bruk plastleksikonet hos Miljølære.no til å bestemme kva slags plast de har funne:
Oversikt over utsjånad til ulike typar plast hos Miljølære.no
- Lag ei oversikt over dei ulike plasttypane de har funne.
- Kva kjelder til mikroplast er viktigast?
- Korleis kan vi som forbrukarar bidra til å redusere førekomsten av mikroplast i naturen?
- Ei løysing metta med natriumklorid har ein tettleik på 1,2 g/cm3. Kva type plast vil mest sannsynleg ikkje flyte opp i den metta saltløysinga?
- Korleis kan vi finne ut (grovt sett) kva plasttypar vi har funne med utgangspunkt i tettleiken til plasttypane?
- Undersøk tøyvaskeposar som samlar opp mikroplast.
- Undersøk innhald av mikroplast i kosmetikk.