Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Dokumentarfilm
Interaktivt innhald

Jobb med filmen Plasthavet

I dokumentaren Plasthavet ser vi nærmare på problemet med plastsøppel i havet. Vi møter ei rekke forskarar som fortel korleis store mengder plastsøppel i havet påverkar menneske og natur.

1. Før filmen

A. Biletassosiasjonar

Studer biletet frå filmen over.

  • Kva legg du merke til?

  • Kva trur du har skjedd?

  • Kvifor trur du filmen heiter filmen Plasthavet?

B. Jobb med omgrep

  1. Bruk biletet til å forklare desse omgrepa:

    • nedbryting

    • næringskjede

    • næringsnett

    • økosystem

    • miljøgift

    • bioakkumulering

    • organisk stoff

    • plast

    • mikroplast

  2. Vis korleis omgrepa heng saman: Lag eit tankekart med strekar mellom omgrepa. Skriv kort på strekane kvifor omgrepa heng saman, og bruk døme.

C. Sant eller usant om plast?

Bruk det du veit om plast frå før, og avgjer kva påstandar du meiner er sanne, og kva for nokre av dei som er usanne.

Når du er ferdig, opprettar du dokumentet. Det skal bruke i oppgåvene etter filmen.

2. Sjå filmen Plasthavet

Mens du ser filmen (lengde 59:00), legg merke til:

  • Kva kjelder til plast i havet blir nemnde?

  • Korleis blir ulike organismar påverka av plast i havet?

  • Kva seier forskarane om mikroplast i kroppen?

  • Nemn éin ting som overraskar deg.

Sjå filmen Plasthavet på bibliotektenesta Filmbib. Logg inn med nasjonalt lånekort.

3. Etter filmen

A. Kva var sant og usant om plast i havet?

I denne oppgåva skal du ta stilling til dei same påstandane som før filmen. Finn fram dokumentet frå denne oppgåva og samanlikn med det du svarer no. Her får du vite om påstandane er sanne eller ikkje.

  • Kva påstandar endra du meining om?

  • Var det nokon påstandar du tok feil av? Finn ut meir om desse.

B. Tankeeksperiment

I denne oppgåva skal du sjå for deg ein vanleg dag i livet ditt, men du skal prøve å unngå plast så godt du kan!

Start med å tenke gjennom dagen din steg for steg. Du kan skrive ned, teikne, spele inn eller bruke det mediet du synest passar best.

  • Kva er lett å unngå?

  • Kva er vanskeleg eller umogleg?

  • Kva typar plast møter du mest i kvardagen?

C. Jobb med løysingar på plastproblemet

Kva gjer vi med problemet i dag? Få oversikt over ulike løysingar som finst.

  1. Finn døme på kva som blir gjort

    • heime

    • i nærmiljøet

    • i Noreg og internasjonalt når det gjeld tiltak frå industri og styresmakter

  2. Forklar kort kva løysingane eller tiltaka går ut på.

    • Undersøk kva løysingar som blir brukte for å redusere plast på avvegar.

    • Beskriv tre tiltak som allereie er i bruk.

    • Forklar kven som står bak tiltaka.

    • Vurder kor effektive tiltaka er, og kvifor.

    • Kva løysingar blir presenterte i filmen?

  3. Presenter løysingar for kvarandre i klassen.

Relatert innhald

Plasthavet

Ein dokumentarfilm om konsekvensane av plastsøppel i havet.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 28.05.2026