Evolusjon – ein evig prosess
Evolusjon
Evolusjonen beskriv korleis artar oppstår og forandrar seg over tid. Naturleg utval og mutasjonar er viktige omgrep når vi skal forklare kvifor artar forandrar seg.
Korleis oppstår nye artar?
Evolusjon inneber at det genetiske materialet i ein populasjon forandrar seg, og dette kan føre til at nye artar blir utvikla. Slik vi kjenner til organismar i dag, har alle utvikla seg frå same livsform og tidlegare utgåver av organismar på same grein i slektstreet. Men korleis skjer dette i praksis? Svaret ligg i mekanismen som Darwin kalla naturleg utval.
Naturleg utval
Naturleg utval inneber at dei individa som er best tilpassa miljøet dei lever i, har størst sjanse for å overleve og dermed kunne formeire seg. Charles Darwin skreiv at naturleg utval føreset:
overproduksjon: Det blir fødde fleire avkom enn det som kan overleve i miljøet.
variasjon: Individa i ein populasjon er ulike med omsyn til eigenskapar som påverkar evna til å overleve og få avkom. Denne variasjonen oppstår mellom anna fordi mutasjonar gir nye genvariantar.
arv: Avkom arvar eigenskapane til foreldra sine.
Når desse vilkåra er oppfylte, vil eigenskapar som er gunstige for overleving, bli vanlegare for kvar generasjon. Vi seier at populasjonen blir tilpassa miljøet. Dersom to populasjonar av ein art blir isolerte i ulike miljø, kan dei med tida utvikle seg til to ulike artar.
Mutasjonar
Mutasjonar er ei drivkraft i evolusjonen fordi dei har ført til nye genvariantar som gir nye eigenskapar.
Ein mutasjon som er ei ulempe i eit bestemt miljø, kan vere ein fordel i eit anna miljø.
Mutasjonar som gir recessive eigenskapar, kan ligge skjulte i mange generasjonar (stille mutasjonar) før avkom arvar eigenskapen frå begge foreldra og eigenskapen kjem til syne. I eit nytt miljø kan denne nye eigenskapen få noko å seie fordi han gir konkurransemessige fordelar, og genvarianten blir ført vidare til nye generasjonar.

Det er svært sjeldan at mutasjonar gir opphav til eit nytt allel som gir betre eigenskapar, men gjennom millionar av år har slike mutasjonar hatt mykje å seie for å danne nye artar. Slike "positive" mutasjonar er eitt av grunnlaga for evolusjonen.
Film om evolusjon og naturleg utval (3:16)
I denne filmen får du eit innblikk i arbeidet til Darwin og korleis han kom fram til dei mest kjende teoriane sine: evolusjonsteorien og teorien om naturleg utval.
Kven får føre gena sine vidare?

I ein populasjon er enkelte individ av arten betre tilpassa ved at dei er meir robuste og sterke, flinkare til å finne mat eller flinkare til å passe på avkommet sitt. Dei har eit fortrinn i ein konkurranse om å få flest barn som veks opp og fører gena sine vidare. På den måten blir heile populasjonen etter kvart betre tilpassa det miljøet dei lever i.
Tilpassingar til miljøet

Viss miljøforholda endrar seg, vil nokon i populasjonen ha gen som gjer det lettare å tilpasse seg og overleve. Eit døme på det kan vere kamuflasje mot rovdyr. Dei som har fargenyansane på til dømes fjør eller pels som kamuflerer best, blir ikkje så lette byte. Dermed overlever desse i større grad enn andre, og dei fører gena sine vidare slik at denne genvarianten blir stadig vanlegare i populasjonen.
For plantar kan eigenskapar som god frøspreiing, tornar og beitetoksin gjere dei til vinnarar i kampen om å overleve og få spreidd gena sine i tøffe miljø.
Koevolusjon – når artar utviklar seg saman
Forholdet mellom planteeterar og plantar kan i mange tilfelle bli kalla eit evolusjonært våpenkappløp, der både planteeterar og plantar stadig utviklar nye trekk. Slik gjensidig tilpassing blir kalla koevolusjon og går òg føre seg mellom blomsterplantar og pollinerande insekt.
Døme på koevolusjon:
- frø med innpakning som tiltrekker seg frøspreiarar (rognebær og trost)
- plantar som sender ut dufter for å tiltrekke seg veps som i sin tur angrip insektlarvar som beiter på planten
- plantar som forsvarer seg kjemisk ved å produsere giftige stoff. Planteeterar kan utvikle seg slik at dei toler desse stoffa.
Overlevingsstrategiar

På myrar finn vi artar som har utvikla svært spesielle overlevingsstrategiar som gir dei konkurransemessige fordelar. Torvmosen sender ut det antiseptiske (bakteriedrepande) stoffet sphagnan, som få andre artar trivst i, og soldogg er ein kjøttetande plante som kan klare seg på svært næringsfattig jordsmonn fordi han kan få næring ved å fange og fordøye insekt.
Oppgåve
Kva er sant eller usant om evolusjon?