Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Plast og emballasje i kokk- og servitørfag

I matbransjen blir det brukt mykje plastemballasje for å minske matsvinnet, ta vare på hygienen og gi god kundeinformasjon. På same tid blir det òg kasta mykje mat. Kvifor er det slik? Og er noko av plasten som blir brukt som emballasje, rett og slett unødvendig?

God emballasje tek vare på produktet som er inni og fører til mindre svinn, mens dårleg emballasje er sløsing med ressursane. Plast på avvegar er eit stort miljøproblem i mange delar av verda, og mykje blir ikkje sortert ordentleg.

Ansvaret til fagarbeidaren

Som fagarbeidar er du ansvarleg for å ta miljøbevisste val i arbeidet ditt og reflektere over miljørelaterte problemstillingar. I denne oppgåva skal du undersøke korleis plast blir brukt i praksis, og vurdere om bruken er nødvendig og forsvarleg.

Kartlegging av plastbruk

Kva bruker vi plast til innanfor kokk- og servitørfaget? Kartlegg korleis plast blir brukt

  • på kjøkkenet

  • i restauranten eller serveringsområdet

  • i utsalet/ferskvaredisken

Lag ei skriftleg oversikt over kvar og korleis plast blir brukt.

Plastemballasje på frukt og grønt

Ta ein tur på grønsakskjølen eller i ein grønsaksdisk på ein butikk og undersøk kva for råvarer som kjem pakka i plast og kva for nokre av dei som kjem uemballert.

  1. Kva fann du ut?
  2. Er noko av dette unødvendig?
  3. Er noko dobbeltpakka? Er noko pakka i såkalla multipakkar? (Fleire ulike typar grønsaker/frukter pakka saman, som fører til at vi ofte kjøper meir enn vi treng.)
  4. Finn du òg nokon døme på bruk av meir miljøvennleg emballasje?

Forsøk: Haldbarheit og emballasje

Test haldbarheita til gulrøter ved å leggje somme gulrøter pakka i plast og somme utan emballasje i romtemperatur. Gjer det same på kjøla – legg somme med plast og somme utan.

  1. Lag ein hypotese: Kva gulrøter klarer seg best, og kva for nokre klarer seg dårlegast?
  2. La gulrøtene liggje i ei vekes tid og sjekk så haldbarheita. Stemde resultatet med hypotesen din?
  3. Kva fortel dette deg om bruken av emballasje og lagring?

Alternativ til plastemballasje

Finst det nokon alternativ til plastemballasje? Søk på nettet og sjå om du kan finne nokre smarte emballasjeløysingar som kan erstatte bruken av plast og samtidig ta vare på kvaliteten på råvarene, kundeinformasjon og hygiene.

Drøfting: Plast og matsvinn

Diskuter påstanden: Det blir mindre matsvinn med plastemballasje.

  • Kva talar for?

  • Kva talar imot?

  • Når er plast nyttig? Når er det unødvendig?

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist oppdatert 29.04.2026