Kjenneteikn på ei bølge - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjenneteikn på ei bølge

Bølgerørsle: Kvart av punkta på tauet svingar rett opp og ned. Dei blir ikkje med i retninga bølga breier seg i, men dei overfører rørsla si til nabopunktet på tauet slik at det òg svingar opp og ned, men litt forseinka i høve til det første.

Bølgerørsle

Når vi tek tak i eit tau og svingar det opp og ned, vil rørslene forplante seg langs tauet, noko som resulterer i ei bølge som breier seg bortover: Vi får ei bølgerørsle. Det er akkurat det same som skjer når publikum "tek bølga" på tribunen. Kvar enkelt reiser seg og set seg igjen, men bølga breier seg rundt tribuneanlegget.

Viktige storleikar for ei bølge

Bølgjelengde, λ:

Den kortaste avstanden mellom to punkt på bølga som svingar likt. Ein enkel måte å lese ho av på er å måle avstanden frå bølgetopp til bølgetopp.

Amplitude, A:

Dette er det maksimale utsvinget punkta på bølga kan gjere frå likevektslinja. (Vi bryr oss ikkje om utsvinget er på over- eller undersida.)

Periode, T:

Perioden er tida eit punkt på bølga brukar på å gjennomføre ei heil svinging. Vi kan òg bestemme perioden ved å måle tida frå ein bølgetopp passerer til den neste gjer det.

Frekvens, f:

Frekvensen er talet på svingingar som punkta på bølga gjer per sekund. Vi kan rekne ut dette som

Dersom vi ser på spesialtilfellet med 1 svinging, så fortel perioden, T, kor lang tid det tek å gjennomføre denne. Det vil seie at vi har samanhengen

Bølgefart, v:

Bølga breier seg med konstant fart ut frå staden der ho starta. Vi veit at

Dersom vi har ei strekning på 1 bølgelengde, veit vi at tida bølga har brukt for å gå denne strekninga er 1 periode, T. Det kan vi setje inn i formelen for fart

Vi kan òg uttrykke dette ved hjelp av frekvensen

Såleis har vi den enkle samanhengen

Med denne kan vi rekne om mellom frekvens og bølgelengde dersom bølgefarten er kjend.

Oppgåve. Reknetrening med bølger

Du har følgande opplysningar om ei bølge:

  • Ho beveger seg med konstant fart mot høgre.

  • Mellom ein bølgetopp og ein bølgebotn er det 1 meter.

  • Frå likevektslinja til ein bølgetopp er det 3 meter.

  • Eit punkt på bølga svingar opp og ned fire gonger i løpet av 16 sekund.

Bruk opplysningane til å rekne ut dei ulike storleikane. Skriv inn svara dine under og sjekk om du rekna rett.