Interaktiv bølgeoppgåve - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Interaktiv bølgeoppgåve

Denne simuleringa viser korleis bølgebevegelsar forplantar seg på ein streng. Du kan prøve ut korleis bølger oppfører seg under mange ulike forhold som du lett kan endre, men for å gjennomføre oppgåvene under, må du velje bestemte innstillingar.
Dette innhaldet er ikkje universelt utforma, og nokre brukarar kan derfor ha problem med å oppfatte og forstå det. Innhaldet er visuelle øvingar.

Alternativt opplegg

Ein kan òg demonstrere bølgerørsler ved hjelp av eit langt tau eller ei lang stålfjør. To elevar held i kvar sin ende av tauet eller fjøra:

  • Energi og frekvens: Ein elev skaper ei bølge ved å raskt løfte og senke tauet. Varier kor raskt de løftar og senkar tauet for å få erfaring med auka frekvens.

  • Interferens: For å demonstrere overlagring kan to elevar samtidig skape bølger frå kvar sin ende og legge merke til korleis bølgene møtest og interfererer.

  • Refleksjon: Fest ein ende av tauet eller fjøra til ein fast gjenstand, og observer korleis bølgene blir reflekterte tilbake.

Framgangsmåte

For å sjå tydeleg kva som skjer, hakar vi av på "Puls" for å sende enkeltpulsar bortover strengen, og "Laus ende" for å få bølgetoppar både same veg og motsett veg.
Vel "Inga" demping og "låg" spenning. "Amplitude" og "pulslengde" kan du velje fritt.

  1. Trykk på den grøne knappen som sender ein puls bortover strengar og sjå kva som skjer.
  2. I god avstand frå den første pulsen, sender du ein puls til. Studer nøye kva som skjer når pulsane møter kvarandre. Vel gjerne "Sakte bevegelse".
  3. Kva skjer når to pulsar med like utslag møter kvarandre?
  4. Kva skjer når to pulsar med motsette og like store utslag møtest?

Vi ser at bølgene ikkje har forandra seg etter at dei passerte kvarandre. I tillegg ser du kanskje at utsvinga for dei to bølgene blir lagde saman når dei er på samme staden. Det er dette som blir kalla .

Tenk over

Er overlagring mogleg for partiklar? Kva skulle i så fall skje med to bowlingkuler som kolliderer?

Skrive av Astrid Johansen.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2024