Lydbølger - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Lydbølger

Har du tenkt på kva lyd er? Du har kanskje merka vibrasjonar i ryggmergen når ein rånarbil med heftig lydanlegg passerer deg, eller kanskje du har opplevd dette på ein konsert?

Har du tenkt på kva lyd er?

Du kan oppleve lyd som vibrasjonar i ryggmergen fordi lyd er trykkvariasjonar i lufta. Lufta består av molekyl som kan røre seg fritt i forhold til kvarandre. Når du lagar eit smell, pressar du saman luftmolekyl sånn at trykket aukar. Så spreier denne samanpressinga seg utover slik at andre kan registrere ho langt unna.

Lyd er trykkbølger

Lyd er rørsle av partiklar, og desse rørslene forplantar seg som bølger på same måte som andre bølger. Kunnskap om korleis lydbølger oppfører seg i ulike miljø er nyttig når du jobbar med å skape best mogleg attgjeving av tale og musikk i eit lokale eller på film og lydspor.

I artikkelen Bølgefenomen kan du lese meir om eigenskapar ved bølger.

Ekko – reflekterte bølger

Ekko, eller gjenklang, får vi når lyd blir reflektert tilbake frå ei glatt flate. Då høyrer vi lyden om igjen, berre svakare, slik som når vi roper mot ein fjellvegg. Reflekterte lydbølger blir òg brukte til å danne eit bilete ved ultralydundersøkingar i medisinsk samanheng og til å kontrollere sveiseskøytar. Ekkolodd og sonar bruker reflekterte lydbølger for å danne bilete av fiskestimar eller for å kartlegge havbotnen. Dette er den same teknikken som flaggermus og kvalar bruker for å lokalisere bytet.

Bølger kan bøyast

Vi veit at bølger blir bøygde i opningar og rundt kantar. Det gjeld òg for lydbølger. Det er det som gjer at du kan høyre kva som blir sagt i rommet ved sida av når døra står open.

Bølger skiftar retning dersom farten dei forplantar seg med, blir endra. Dette blir kalla brytning. Brytning registrerer vi òg for lydbølger. I luft har lydbølgene ein fart på ca. 330 m/s. Men denne farten aukar med temperaturen, så vi får ulik fart i luftlag med ulik temperatur. Har du tenkt over kvifor lyden ber så lett over ein innsjø? Det har med bryting å gjere.

Resonans blir danna ved overlagring – summering av bølger

Ein annan viktig bølgeeigenskap som vi veldig tydeleg registrerer for lydbølger, er at bølgeutslaga blir summerte eller overlagra. To eksakt like bølger som møtest, vil få eit dobbelt så stort utslag, og to bølger med motsette utslag vil kansellere kvarandre.

Dette er grunnlaget for resonans, eller ståande bølger. For å få ståande bølger må to like bølger møtast på ein måte som dannar eit stabilt mønster. Det vil seie at ei bølge møter den same bølga som blir reflektert. Då høyrer vi ein rein tone.

Resonans i musikkinstrument

Vi kan ha ståande bølger både langs ei rett linje og på overflater som trommeskinn eller inni ein fiolinkasse. Når vi snakkar om ståande bølger på slike overflater, kallar vi det resonans. Resonans oppstår når forma på kassen eller plata gjer at det kan bli danna fleire typar stående bølger. Dette forsterkar lyden og gir ein unik klang til instrumentet.

Relatert innhald

Fagstoff
Bølgefenomen

I ei bølge er det sjølve forstyrringa som breier seg, ikkje materialet. På denne sida kan du sjå fleire spesielle eigenskapar ved bølger.

Skrive av Astrid Johansen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2020