Kva er forskjellen på bølger og stråling? - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er forskjellen på bølger og stråling?

Vi snakkar om lysstrålar, UV-stråling og radioaktiv stråling, men samtidig òg om mikrobølger og radiobølger. Er bølger og stråling det same, eller er det ulike fenomen?

Kva er bølger?

Videoen viser bølger som oppstår når ein drope treffer overflata. Dropen lagar ei forstyrring i overflata som breier seg utover i alle retningar. Kva er det eigentleg som skjer? Kvifor flytter bølga seg bortover?

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

For å svare på dette må vi starte med årsaka, nemleg dropen som fell ned i vatnet. Han skaper ei forstyrring i vassoverflata. Sidan vatnet heng saman, vil naboområdet òg bli påverka av forstyrringa. Dermed vil området ved sida av der igjen òg bli påverka, akkurat som dominobrikker på høgkant som fell og riv med seg neste brikke.

Korleis blir ei bølge skapt?

For å lage ei bølge er det ikkje nok med ei forstyrring som breier seg. Det må vere noko som får kvart punkt på bølga tilbake til likevektsstillinga igjen.

For vassbølger er det tyngdekrafta som sørger for dette, og for bølger på ein streng er det stramminga i snora som gjer det. For dominobrikkene som fell, er det inga slik kraft, og dermed får vi ikkje ei varig bølge.

Kva er lys?

Viss lys er bølger, kva er det som breier seg då? Dette var det stor ueinigheit om langt inn på 1800-talet, då det vart gjort eksperiment som støtta bølgeteorien. Men med kvantefysikken har tvilen oppstått igjen, og sjølv i dag er ikkje forskarane heilt einige.

Nokon seier lys er bølger, andre seier lys er partiklar, og nokon seier at lys er både bølger og partiklar. Det er sanneleg ikkje greitt å forstå!

Vi snakkar om lysstrålar, varmestråling og mikrobølger. Og det verkar som vi bruker orda stråling og bølger litt om kvarandre. Men viss lys er bølger, betyr det at stråling òg er ein type bølger? Kva trur du?

Tenk gjennom og diskuter

Kva er forskjellen på bølger og stråling?

  1. Det er ikkje nokon forskjell. All stråling er jo eigentleg bølger.

Kommentar

Delvis rett. Elektromagnetisk stråling, som lys og radiobølger, kan vi beskrive som bølger. Andre formar for stråling er ikkje bølger, som alfa- og betastråling, som er partiklar.

  1. Eg trur det eigentleg er to heilt ulike ting, berre at stråling av og til oppfører seg som ei bølge.

Kommentar

Delvis rett. Stråling kan vere både bølger og partiklar. EM-stråling kan oppføre seg både som bølger og partiklar (foton).

  1. Bølger kan vere mange typar, som til dømes vassbølger og lydbølger, og det er jo ikkje stråling!

Kommentar

Rett. Bølger kan vere mekaniske, slik som vass- og lydbølger. Desse er ikkje stråling.

  1. Forskjellen er at vi seier stråling når energien er høg.

Kommentar

Ikkje rett. Stråling handlar om overføring av energi, som bølger eller partiklar, uavhengig av om energien er høg eller låg.

Skrive av Astrid Johansen, Kristin Bøhle og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2024