Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Anna tek urinprøve

Anna klagar over svie ved vasslating. Det blir bestemt at det skal takast ein urinprøve for å sjekke om hun kan ha ein urinvegsinfeksjon. I første omgang skal det takast ein urinstix.

Oppgåve

Planlegg og gjennomfør prosedyren ved urinprøvetaking. Ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

  • Kvifor tek vi urinstix? Grunngi svaret.
  • Kva utstyr treng du for å ta denne prøva?
  • Kva informasjon gir du til pasienten?
  • Gjer greie for framgangsmåten.

Du kan be om å få gjennomføre urinprøvetaking i praksis under rettleiing eller på skulen.

På skulen kan du bruke urin eller vatn som er tilsett glukosepulver, eventuelt ein drope blod.

Skriv ein logg eller eit refleksjonsnotat etter arbeidet.

Relatert innhald

Urinstix

Vi tek urinprøve ved mistanke om urinvegsinfeksjon. Urinstix er ei undersøking der ein papirstrimmel som er tilsett kjemiske stoff, blir dyppa i urinen.

Urinvegsinfeksjon

Den hyppigaste forma for urinvegsinfeksjon er akutt blærekatarr (cystitt), men nyrebekkenbetennelse (pyelonefritt) er heller ikkje uvanleg.

Skrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist oppdatert 28.02.2023