Naturfag (HS)
Atom kan tiltrekkast av kvarandre og binde seg til kvarandre i kjemiske bindingar. Kva er eigentleg bindingar, og korleis oppstår dei?
Syrer og basar påverkar pH-verdien i blodet, på huda og i fordøyingssystemet. Vi møter òg syrer og basar i reingjeringsmiddel, kosmetikk og mat.
I helse- og oppvekstfag jobbar vi med organiske stoff i mat, kosmetikk, reingjeringsmiddel, legemiddel, emballasje og eingongsprodukt.
Kosmetiske produkt er alt frå sminke til tannkrem og såpe. Stoffa i desse produkta påverkar kroppen vår på ulike måtar.
For å skjønne korleis kroppen fungerer, er det viktig å ha kjennskap til eigenskapane til stoff i kroppen, som vatn, blod og urin.