Urinvegsinfeksjon - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Urinvegsinfeksjon

Den vanlegaste forma for urinvegsinfeksjon er akutt blærekatarr (cystitt), men nyrebekkenbetennelse (pyelonefritt) er heller ikkje uvanleg. Infeksjonen er vanlegvis overstått i løpet av eit par dagar, med eller utan antibiotikabehandling.

Normalt er urin steril, altså utan mikrobar. Men bakteriar kan komme inn via urinrøyret og forårsake urinvegsinfeksjon (UVI). Oftast er det bakteriar frå tarmen, som E. coli, men det kan òg vere stafylokokk-bakteriar pasienten normalt har i og rundt skrittet.

Årsak

Som tidlegare påpeika kjem UVI av at bakteriar kjem inn via urinrøyret og forårsakar betennelse, som oftast bakteriar frå endetarmen. Ved stell nedantil av kvinnelege pasientar er det viktig å vere medvite dette, slik at ein konsekvent tørkar eller vaskar framanfrå og bakover. Kvinner er meir utsett for UVI fordi dei har kortare urinrøyr enn menn og dessutan kortare avstand mellom endetarmsopninga og urinrøyropninga.

Symptom

Dei vanlegaste symptoma på urinvegsinfeksjon er:

  • svidande smerte ved vasslating

  • trong til å late vatnet oftare enn vanleg

  • urin med ein blakka farge, vond lukt eller innhald av blod

  • smerter nedst i magen

  • feber kan vere eit teikn på at bakteriane og infeksjonen har funne vegen til dei øvre urinvegane, slik at det oppstår fare for nyrebekkenbetennelse

  • forvirring kan vere teikn på UVI eller annan infeksjon hos eldre

Viss symptoma er plagsame for brukaren eller blir forverra, bør du som helsefagarbeidar kontakte lege.

Diagnostisering

Diagnose blir stilt ved hjelp av symptom på UVI og funn av bakteriar i urinen.

Forutan å ha kjennskap til symptom er det ein del av ansvarsområdet til helsefagarbeidaren å utføre strimmelundersøking (med urinstix) ved mistanke om UVI. Ein papirstrimmel tilsett kjemiske stoff blir dyppa i urinen. Viss det til dømes er bakteriar, blod eller sukker i urinen, vil strimmelen skifte farge.

Endeleg diagnose blir stilt av lege. Urinprøva som dannar utgangspunktet for diagnosen, bør helst vere teken om morgonen og bestå av såkalla midtstråleurin. Enkelte gonger blir urinen dyrka for å bestemme kva bakterie som har forårsaka UVI, og dermed kva type antibiotikum som eignar seg.

Førebygging av UVI

Generelle råd for førebygging av UVI inkluderer rikeleg drikke, god hygiene, komplett blæretømming for å unngå resturin og dessutan vasslating etter samleie. I tillegg er rett prosedyre ved bruk av kateter eit viktig tiltak for å førebygge UVI. Mange pasientar klarer på eiga hand å tømme urinblæra ved hjelp av intermitterande kateterisering. I andre tilfelle må helsefagarbeidarar og anna helsepersonell assistere eller utføre oppgåva.

I motsetning til intermitterande kateterisering som blir nytta fleire gonger dagleg og kateteret blir fjerna med ein gong urinblæra er tom, kan eit permanent kateter ligge inntil tre månader før byte. Dette medfører høg risiko for UVI. Ved bruk av permanent kateter kviler eit større ansvar på helsefagarbeidaren med tanke på stell, tømming, skifte av pose og blæreskyljing. Dette er fordi mangelfull hygiene kan føre til oppblomstring av bakteriar som igjen kan påføre pasienten UVI. Som helsefagarbeidar må du ha pasientfokusert opplæring for å utføre daglege rutinar og stell av ulike typar kateter.

Medisinsk behandling

Urinvegsinfeksjonar går ofte over av seg sjølv innan tre dagar til ei veke, utan medikamentell behandling. I motsett tilfelle består behandlinga av antibiotikakur i tablettform. Er pasienten plaga med fleire urinvegsinfeksjonar i året, er det vanleg at lege vurderer lågdosebehandling med antibiotikum i seks til tolv månader som førebyggande tiltak.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan vi førebygge at tarmbakteriar kjem inn i urinvegane?

  2. Kvifor er kvinner meir utsette for UVI enn menn?

  3. Ei hyppig årsak til UVI kjem av resturin, altså at urinblæra til pasienten ikkje blir ordentleg tømd ved vasslating. Kvifor aukar resturin faren for UVI?

  4. Kva er årsaka til at det er ønskeleg å unngå bruk av antibiotikum ved UVI dersom det er mogleg?

Kjelder

Bing-Johansen, P. C. & Tønnesen, S. (2016, 15. november). Urinveisinfeksjon blant eldre pasienter i hjemmesykepleien. https://sykepleien.no/forskning/2016/11/urinveisinfeksjon-blant-eldre-pasienter-i-hjemmesykepleien

Felleskatalogen. (2020, 16. juni). Blærekatarr. https://www.felleskatalogen.no/medisin/sykdom/blerekatarr

Helsenorge. (2019, 15. januar). Urinveisinfeksjon – blærekatarr. https://www.helsenorge.no/sykdom/nyrer-og-urinveier/blarekatarr/

Justlar, I., Kvamme, K., Skår, C., Gjellesvik, S., Syse, R. L. & Frøseth, A. M. (2019, 21. februar). Permanent urinkateter – stell, skifte av pose, tømming av pose og blæreskylling hos hjemmeboende voksne. https://www.helsebiblioteket.no/fagprosedyrer/ferdige/permanent-urinkateter-stell-skifte-av-pose-t%C3%B8mming-av-pose-og-bl%C3%A6reskylling-hos-hjemmeboende-voksne

Norsk helseinformatikk. (2021, 13. april). Urinveisinfeksjon hos menn. https://nhi.no/sykdommer/nyrerurinveier/urinveisinfeksjoner/urinveisinfeksjon-hos-menn/

Relatert innhald

Fagstoff
Nyrer og urinvegar

Hormon frå hypofysen gir signal til nyrene som sørger for at forholdet mellom vatn og salt blir halde mest mogleg konstant.

Fagstoff
Urinstix

Vi tek urinprøve ved mistanke om urinvegsinfeksjon. Urinstix er ei undersøking der ein papirstrimmel som er tilsett kjemiske stoff, blir dyppa i urinen.

Skrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022