Solenergi
Solceller gir elektrisitet
Solcellene i eit solcellepanel gjer om lys frå sola til elektrisk straum. Det skjer ved at
sollyset treffer solcella og slår laus elektron
elektrona blir tvinga til å gå i éi bestemd retning
elektrona beveger seg i ein krins – og straumen kan drive til dømes ei lyspære. Straumen kan òg lagrast i eit batteri eller seljast til ein straumleverandør.
Visste du at ...
Noreg har gode moglegheiter for å produsere straum med solceller? Mange knyter solenergi til varme og mange soldagar, men solceller fungerer faktisk best i kjølig klima. Dei er meir effektive når temperaturen er låg, og i tillegg kan snø reflektere sollyset, noko som aukar mengda lys solcellene får.
Solfangarar overfører varme
I motsetning til solcellepanel, som lagar straum, blir solfangarar brukte til å varme opp vatn eller luft direkte. I ein solfangar som varmar opp vatn, blir sollyset først absorbert av ei mørk overflate. Når ei væske (som vatn eller frostvæske) sirkulerer gjennom solfangaren, blir væska varma opp. Den oppvarma væska blir frakta vidare inn i huset gjennom røyr og kan brukast til å varme opp både tappevatn og bustaden.
Verknadsgrad – kor effektivt er det?
Verknadsgrad fortel kor stor del av den tilførte energien som blir gjort om til nyttig energi. Resten av energien går tapt, til dømes som varme som forsvinn ut i lufta, eller lys som blir reflektert bort.
Jo høgare verknadsgrad, desto meir av energien blir brukt til det vi ønsker – og desto meir effektivt er systemet.
- Solcellepanel har ei verknadsgrad på mellom 15 og 30 prosent.
- Solfangarar har ei verknadsgrad på mellom 50 og 80 prosent.
Tenk gjennom!
Solfangarar har ofte høgare verknadsgrad enn solceller. Betyr det at solfangarar alltid er eit betre val enn solceller?