Power the grid - Naturfag (EL) - NDLA

Hopp til innhald
Spill

Power the grid

Du kontrollerer straumnettet i ein liten by. Klarer du å produsere nok straum til alle innbyggarane, samtidig som du gjer produksjonen fornybar?

Om Power the grid

I dette spelet styrer du straumnettet til ein liten by. Du må til kvar tid sørge for at alle får nok straum ved å følge med på forbruk og produksjon. Etter kvart som byen veks, må du bygge ut energiforsyninga og prøve å gjere ho så fornybar som mogleg.

Gjennom dette spelet kan du lære om

  • kva faktorar som påverkar energiproduksjonen

  • samanhengen mellom forbruk og produksjon av energi

Slik speler du Power the grid

Spel Power the grid

Spelet Power the grid

Du kan spele spelet i nettlesaren eller laste det ned på maskinen din.

Ordliste
EngelskNorsk
gridstraumnett
consumptionforbruk
power plantenergiverk
generatorgenerator
operational costdriftskostnad

Etter at de har spelt

  1. Kva skjer med straumforbruket i løpet av dagen i dette spelet? Foreslå forklaringar på det de observerer.

  2. Lag ei oversikt over ulike energikjelder i spelet, og list opp fordelar og ulemper.
    Stikkord: vekselstraumteknologi, likestraumsteknologi, energilagring og verknadsgrad, driftskostnader, investeringskostnader, fleksibilitet, berekraft

  3. Korleis er straumnettet i Noreg bygd opp? Kva delar består eit straumnett av?

  4. Samanlikn straumnettet i Noreg med straumnettet i spelet. Kva likskapar og forskjellar finn du?

  5. Diskuter ulike strategiar i dette spelet.

  6. Diskuter korleis spelet kan bli meir realistisk. Lag ei skildring til spelutviklaren med forslag til korleis dette kan byggast inn i spelet.

  7. Delar av det norske straumnettet er kopla til straumnettet i Storbritannia og EU. Kva fordelar og ulemper har dette for

    • forbrukarar i Noreg?

    • norsk industri?

    • overgangen til fornybar energi i Europa?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Forsøk: Lag ein generator

Lag din eigen generator! Med magnetar og ein koparspole kan du produsere din eigen straum.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 11.08.2022