Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Film

Forsøk: Lag ein generator

Ein generator bruker rørsleenergi til å generere straum. I dette forsøket skal du lage din eigen generator.

Formål

Du skal byggje din eigen generator av enkle materiale som du kan få tak i på skulen eller heime. Kor mykje straum klarer du å generere?

Utstyr

  • papp- eller plastplate
  • plastknekkar (dersom du vel å bruke plast)
  • tapetkniv
  • limpistol
  • linjal
  • bor
  • spikar
  • isolert kopartråd
  • diode
  • sandpapir
  • strips
  • supermagnetar
  • teip
  • voltmeter

Film: Lag en generator

Følg instruksjonane som blir gitte i filmen (lengde 3:59) under, og bygg din eigen generator. Bruk voltmeteret til å måle spenninga du klarer å generere.

Film: UngEnergi / CC BY-NC-SA 4.0

Resultat og diskusjon

Når generatoren er ferdig, kan du vurdere kva tilpassingar som krevst for å bruke vatn, vind eller andre energiformer til å drive rørsla i spolen.

Rettshavar: Ungenergi.no.
Sist oppdatert 06.10.2026