Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Berekraftig energiproduksjon

Oppgåve
Interaktivt innhald

Oppdrag: Energirådgivaren

Korleis kan familien Gregersen kutte straumutgiftene og samtidig bli meir miljøvennlege? Som energirådgivar i firmaet Iso-Light har du fått i oppdrag å finne smarte løysingar for dei. Gjer research, gjennomfør ei synfaring og legg fram ein plan med energisparande tiltak som gir best mogleg resultat!

Oppdrag: Bli energirådgivar for familien Gregersen!

Gratulerer! Du har fått jobb som energirådgivar i firmaet Iso-Light.

Ein dag ringer telefonen din. I den andre enden høyrer du ei hyggeleg stemme:

"Hei! Eg heiter Tove Gregersen. Familien min og eg flytta inn i eit hus frå 1994 for eit par år sidan. Vi trivst kjempegodt, men éin ting plagar oss: STRAUMREKNINGA! Ho er skyhøg! Vi vil derfor gjerne ha ei synfaring for å få gode råd om korleis vi kan spare straum."

Du: "Det skjønner eg godt, Tove. Mange opplever at eldre hus har høgare energiforbruk enn dei skulle ønske. Eg kan absolutt hjelpe dykk med å finne smarte tiltak."

Tove: "Så bra! Vi er òg veldig opptekne av miljø og berekraft, så vi vil gjerne ha forslag til løysingar som ikkje berre kuttar straumforbruket, men som òg er bra for miljøet."

Du: "Det høyrest ut som eit spennande oppdrag. Har de gjort nokre tiltak allereie, eller veit de kvar i huset de bruker mest straum?"

Tove: "Vi har bytt til LED-pærer og prøvar å vere flinke til å slå av lys, men det er nok litt meir vi kan gjere. Vi har ein gammal panelomn og lurer på om vi bør byte han ut."

Du: "Godt å høyre at de allereie har starta med nokre tiltak! Eg set saman ein plan for synfaringa, og så kan vi gå gjennom huset saman. Eg ser fram til å hjelpe dykk!"

Tove: "Supert! Vi gler oss til å høyre kva du foreslår. Vi sest!"

Tips til læraren

Det kan vere gøy å gjennomføre delar av denne oppgåva som eit rollespel. La nokon spele rolla som Tove. Bruk informasjon om bustaden som de finn i den virtuelle modellen under, men finn gjerne på ting sjølv òg. Tove kan gjerne stille spørsmål som enøk-rådgivaren må svare på.

Trinn 1: Førebuing – Få oversikt over energieffektivisering

No må du førebu deg på synfaringa! Sjølv om du har god erfaring som energirådgivar, har det skjedd mykje nytt på marknaden innan energieffektivisering. Du vil derfor bruke litt tid på å førebu deg:

  • Skaff deg oversikt over energieffektive tiltak og støtteordningar frå Enova.

  • Lag ein plan for synfaringa: Kva skal du sjekke? Kvar skal du starte?

  • Lag ei sjekkliste over ting du skal undersøke i bustaden:

    • Er huset godt isolert?

    • Har dei gamle eller nye vindauge?

    • Korleis blir huset varma opp?

    • Finst det smart straumstyring?

  • Førebu nokre enkle forklaringar på moglege løysingar:

    • Korleis fungerer ei varmepumpe?

    • Kor mykje kan dei eigentleg spare på solceller?

    • Er det lurt å installere smarte termostatar og smart straumstyring?

Trinn 2. På synfaring – Finn dei gode løysingane!

Det er endeleg tid for synfaring! Bruk den virtuelle modellen av huset under når du "går på synfaring".

Når du kjem til huset, kastar du eit raskt blikk opp på taket. Kva ser du? Gamle takstein? Kanskje moglegheit for solceller?

Plutseleg går døra opp, og du møter ei dame med eit stort og vennleg smil. Du tenker at det må vere Tove.

"Hei! Eg såg deg gjennom vindauget. Så bra at du kunne komme så raskt! Velkommen inn!"

Oppgåva di på synfaringa:

  • Lag ei liste over moglege tiltak basert på det du observerer.

  • Set opp ein enkel plan for familien som viser

    • kva effekt tiltaka vil ha

    • kva dei vil koste

    • kor mykje familien kan spare på straum

    • kor miljøvennlege løysingane er

Virtuell modell av huset

Trinn 3. Presentasjon – Overtyd familien!

No skal du vise familien kva løysingar som passar best for dei. Lag ein engasjerande presentasjon der du forklarer tiltaka på ein enkel og forståeleg måte.

Hugs:

  • Bruk døme familien kan kjenne seg igjen i.

  • Ver klar for spørsmål – dei vil garantert ha mange!

  • Prøv å gjere det morosamt og interessant. Kanskje ein quiz om straumforbruket deira?

Ekstra utfordringar for dei som vil gå djupare

  • Set opp eit detaljert budsjett: Kor mykje kostar kvart tiltak, og kva kan dei spare?

  • Lag ei planteikning, ein digital 3D-modell eller ein fysisk modell av huset med dei løysingane du har foreslått.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 23.04.2026