Elektronparbinding

Kva er elektronparbinding?
Ikkje-metall (til dømes hydrogen, karbon, klor) kan binde seg til kvarandre ved at dei deler på elektron. Når dei deler, vil dei samtidig oppfylle åtteregelen som seier at atom er spesielt stabile når dei har åtte elektron i det ytste elektronskalet sitt.
Kvar av dei positive kjernane trekker det felles elektronparet mot seg, slik at atoma held saman. Vi seier at det er ei kjemisk binding mellom atoma.
Ulike modellar
Elektronparbindingar kan teiknast på fleire måtar. Vi kan bruke ein elektronprikkmodell og teikne kvart av elektrona som prikkar, eller vi kan teikne par av elektron som strekar i ein strukturformel. I ein kule-pinnemodell er elektronpara "pinnar" som gjer at atoma kan koplast saman.
Enkelt-, dobbelt- eller trippelbinding
I metanmolekylet over deler kvart hydrogenatom eitt elektronpar med karbonatomet. Vi teiknar dette som to prikkar eller éin strek som står for éi enkeltbinding. I andre situasjonar kan atom dele på meir enn eitt elektronpar. Til dømes kan to oksygenatom dele på to elektronpar. Då får vi ei dobbeltbinding, mens to nitrogenatom kan dele på tre elektronpar og danne ei trippelbinding.
Tenk gjennom!
Korleis er åtteregelen oppfylt for dei ulike atoma i figuren over?
Upolare elektronparbindingar – elektron blir delte likt
Viss atoma som blir haldne saman av elektronparbinding, er av same type, blir dei felles elektrona delte likt mellom atoma. Det gjeld til dømes i oksygengass, som består av to oksygenatom, O2. Elektrona blir trekte like sterkt mot kvart av oksygenatoma, så bindinga er upolar.
Polare elektronparbindingar – elektron blir delte ulikt
Når atom av ulike typar bind seg saman, vil dei trekke dei felles elektrona til seg i ulik grad. Då får vi polare elektronparbindingar.
I HCl-molekylet vil klor (Cl) trekke elektrona nærare seg enn det hydrogenet (H) vil gjere. Det er fordi klor trekker sterkare på elektrona enn hydrogen. Vi seier at klor er meir elektronegativ enn hydrogen.
Bindinga mellom hydrogen og klor blir kalla ein polar elektronparbinding. Klor trekker elektrona meir mot seg, og derfor får denne sida av molekylet ein negativ pol. Den motsette sida blir då meir positiv og dannar ein positiv pol.
Grensene mellom upolare og polare bindingar
Det finst ikkje noko klart skilje mellom upolare og polare bindingar, men vi set likevel nokre grenser baserte på forskjellen i kor sterkt atoma trekker til seg elektron (elektronegativitet):
upolar elektronparbinding: forskjell i elektronegativitet er mindre enn 0,5
polar elektronparbinding: forskjell i elektronegativitet frå og med 0,5 til og med 1,7
Viss forskjellen i elektronegativitet er over 1,7, seier vi at bindinga er ei ionebinding.
bindingstype | deling av elektron | forskjell i elektronegativitet mellom atom | døme på stoff |
|---|---|---|---|
| Upolar elektronparbinding | elektrona blir delte likt | < 0,5 | H2, O2 |
| Polar elektronparbinding | elektrona trekker meir mot eitt av atoma | 0,5–1,7 | HCl, H2O |
| Ionebinding | fullstendig overføring av eitt eller fleire elektron | > 1,7 | NaCl, MgO |
Oppgåver
Vel rett alternativ.