Oppgåve
Forsøk: Elektronparbinding
I dette forsøket skal vi bygge modellar av molekyl med eit molekylbyggesett for å få erfaring med elektronparbindingar.

Utstyr
molekylbyggesett
utfyllingstabell
Framgangsmåte
Bruk molekylbyggesettet og bygg molekyla samtidig som du fyller ut det som manglar i tabellen under.
Elektronparbinding, utfyllingstabell
Refleksjonsspørsmål
Kva betyr det at ei binding er ei elektronparbinding?
Kva symboliserer hola i kulene i byggesettet? Kva med pinnane?
Kvifor deler nokre typar atom på elektron i staden for å berre gi og ta frå kvarandre?
Kvifor får nokre atom fleire bindingar enn andre?
Kvifor trur du vi bruker modellar for å lære om bindingar i staden for berre å teikne dei?