Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Fjørfe

Fagstoff
Interaktivt innhald
Tilleggsstoff

Hus til verpehøns

Eggproduksjon i Noreg skjer i dag hos rundt 500 bønder og involverer omtrent fire millionar verpehøner. Dei fleste hønene er frittgåande, mens nokre blir haldne i bur eller lever økologisk. Produksjonen blir regulert av strenge krav til dyrevelferd og miljøkontroll.

Eggproduksjon i Noreg før og no

Fram til 1950–1960-talet var verpehøner vanleg på dei fleste gardar. I eit lite hus eller rom i fjøset var det plass til nokre høner. Det var gjerne knytt til ein luftegard, slik at hønene kunne komme ut. Hønene levde eit fritt liv, tilpassa den naturlege åtferda deira.

I dag har vi litt over 500 bønder som driv med eggproduksjon, og dei leverer til saman litt over 60 000 tonn egg kvart år. Det er cirka fire millionar verpehøner i Noreg, og kvar høne legg i gjennomsnitt 330 egg i løpet av livet.

Dei fleste hønene (omtrent 88 prosent) lever i frittgåande system, mens cirka 4,5 prosent blir haldne i bur (med miljøinnreiing), og cirka 7 prosent av hønene er økologiske. Ein liten del, omtrent 0,5 prosent, lever i frilandsdrift, der hønene har tilgang til uteareal utan å vere ein del av økologisk produksjon.

Konsesjon

Konsesjonsgrensa for verpehøner er 7 500. Det vil seie at du ikkje kan ha meir enn 7 500 verpehøner om gongen utan å søke om konsesjon.

Ulike innreiingar

Høner kan blir haldne i innreidde bur eller vere frittgåande. Forskrift om hald av høns og kalkun stiller minstekrav til areal i alle innreiingssystem, og i tillegg blir det stilt krav om tilgang til reir, vagle (sitjepinne) og moglegheiter for strøbad.

Frittgåande høner

Frittgåande høner er høner som får gå i store rom der det kan vere fleire tusen høner. På golvet skal det vere strø som hønene kan sparke i. Hønene legg egg i verpekassar og skal ha fri tilgang til vatn og kraftfôr. Dei drikk av drikkeniplar eller drikkerenner som er plasserte i rommet, og dei får kraftfôr frå eit automatisert anlegg. Det skal vere nok vaglar til at alle hønene kan vagle seg samtidig.

Aviarium

Aviarium er brukte til oppstalling av både høner og andre fuglar og består av store bur der dyra kan bevege seg fritt. Du har sikkert sett variantar av aviarium viss du har besøkt ein dyrepark.

I eit aviarium for verpehøner er det fleire etasjar i rommet, men det skal ikkje vere meir enn fire etasjar over kvarandre. I eit aviarium gjeld dei same reglane som for andre frittgåande høner:

  • maksimum 9 dyr per m² med minst 45 cm høgde og minst 30 cm breidde

  • reir:

    • enkeltreir: minst eit reir for kvar sjuande høne

    • fellesreir: minst 1 m² reirplass per 120 høner

  • vagle: minst 15 cm breidde til kvar høne

  • strø på minst 1/3 av golvarealet (minst 250 cm² per høne)

  • fôrtro:

    • avlang fôrtro: minst 10 cm fôrplass per høne

    • rund fôrtro: minst 4 cm fôrplass per høne

  • drikkeplass:

    • drikkeniplar/drikkekoppar: minst éin nippel/kopp for kvar tiande høne

    • drikkerenner: minst 2,5 cm troplass per høne

    • runde drikkekar: minst 1 cm troplass per høne

Miljøinnreiing for høner i bur

Miljøinnreiingar er store nettingbur med fleire avdelingar, noko som gir meir plass til kvar høne samanlikna med eldre burinnreiingar. I eit miljøbur er det vanleg å plassere sju høner, men storleiken på bura kan variere.

Namnet miljøbur (eller innreidd bur) kjem av at buret er utstyrt med element som gir hønene høve til å utøve naturleg åtferd innanfor eit lukka burmiljø med fleire avdelingar.

Bura er innreidde med reir (verpekassar), slik at hønene kan gøyme seg bort når dei skal legge egg. Der er eit areal med sand der hønene kan bade og gjere seg reine, og det er vaglar med plass for alle hønene. Innreiinga skal legge til rette for den naturlege åtferda til hønene.

Krav til innreiing for høner i bur:

  • Areal på minst 850 cm² per høne, minst 45 cm høgde og 30 cm breidde. Kvart bur skal vere minst 2 000 cm².

  • Hønene skal ha tilgang på reir. Talet og storleiken skal tilpassast etter talet på høner.

  • Minst 15 cm breidde på vagle til kvar høne.

  • Tilgang til strøbad i størst mogleg del av lysdagen, og minimum 9 timar av lysdagen.

  • Minst 12 cm fôrtro per høne.

  • Drikkesystem skal tilpassast til gruppestorleiken.

  • Tilgang til kloslipar for stell av klør og nebb. Denne må skiftast ut ved behov.

  • Maksimum 5,5 høner per m³ romvolum.

Krav til miljøstyring

Lys og temperatur er viktig i eggproduksjonen, og miljøet blir overvakt kontinuerleg. Bygningane har vanlegvis ikkje vindauge, slik at alt lys er kunstig og blir regulert i 24 timars syklusar. Det skal vere minimum åtte timar samanhengande mørke i løpet av 24 timar.

Det er krav om alarm som varslar dersom temperaturen blir for høg eller for låg, og dersom konsentrasjonen av farlege gassar blir for tett. Om noko sviktar, kan temperaturen bli kritisk høg på kort tid, med massedød som resultat. Varsling bør skje via mobiltelefon til ein kunnig person.

Det krevst nødstraumaggregat som koplar inn ved straumstans, slik at ventilasjonsviftene ikkje stoppar. Ventilasjon kan òg skje gjennom opne piper. Det er fastsett krav til når alarmen skal utløysast eller nødstraumaggregatet kople inn.

Økologisk eggproduksjon

Økologiske høner er òg frittgåande, men dei skal i tillegg ha høve til å komme ut i dagslys.

Nokre krav i økologisk eggproduksjon:

  • Det skal vere maksimalt seks høner per m² i eit økologisk hønsehus, altså har økologiske høner litt større plass enn i konvensjonell eggproduksjon.

  • Kvar høne skal i tillegg ha minst 4 m² uteareal.

  • Det er ikkje lov å ha økologiske høner i bur.

  • Både innreiing i hønsehuset og utearealet skal vere utforma sånn at hønene får utøve mest mogleg normal åtferd.

  • Økologiske høner skal ha fôr som er økologisk dyrka.

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelder

Animalia (2025, 25. april). Tall og fakta – Norsk fjørfeproduksjon. https://www.animalia.no/no/Dyr/fjorfe/tall-og-fakta--norsk-fjorfeproduksjon/

Forskrift om hold av høns og kalkun. (2001). Forskrift om hold av høns og kalkun. Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2001-12-12-1494

Forskrift om svine- og fjørfeproduksjonen. (2024). Forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen. Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2004-04-01-611

Relatert innhald

Skrive av Kjell Ryland og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 14.05.2025