Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Våronna er starten på ein ny vekstsesong. I dette temaet skal vi sjå på kva våronn er, kva som blir gjort under våronna, og kva utstyr vi bruker.
Dette emnet handlar om dei ulike artane vi dyrkar i eng og som fôrvekstar. Du lærer om ugras, dyrkingsteknikk og korleis vi tek vare på avlingane.
Korn er ein viktig del av jordbruket og næringskjelde for menneske og dyr. Dette emnet handlar om kornartar, korndyrking og kva kornet vert brukt til.
Potetdyrking er ein stor del av jordbruket i delar av landet. I dette emnet lærer du om historia til poteta, om ulike potetsortar og om dyrkingsteknikk.
Dette emnet handlar om behovet husdyra har for naturleg åtferd, om sjukdom og helse, avl, fôring og fordøying.
I dette emnet lærer du om den naturlege åtferda til storfe, og kva slags stell storfe treng. Du finn fagstoff om mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon.
I dette emnet lærer du meir om gris og grisehald. Du finn fagstoff om griserasar, avl på gris og kva slags fôring og stell grisene treng.
Dette emnet handlar om åtferda til sauen og om fôring og stell av sau. Du lærer òg om avl og reproduksjon.
Emnet handlar om fjørfe generelt, men mest om hønse- og kyllingproduksjon. Du lærer om fôring og stell, avl og reproduksjon og om produksjonen av egg.