Fiskefartøy og utstyr om bord

Fiskebåten
Slik førestiller vi oss gjerne ein fiskebåt på havet. Han ligg tilsynelatande stille, og måsane er svært interesserte i det som går føre seg. Biletet viser derimot berre eitt døme frå ei næring med stor variasjon.
Vi skal her sjå nokre eksempel på fiskefartøy. Dersom du har lyst til å sjå bilete av fleire fartøy, eller er på jakt etter informasjon om ein bestemt båt, kan du besøkja skipsrevyen.no.
Trålaren

MS Juvel er ein stor, moderne trålar. Vi har trålarar i mange storleikar, frå 10 meter til langt over 100 meter. Dei største norske er ca. 70 meter.
Dei fleste trålarar har ein slipp, ei opning, i hekken der trålen vert kasta og hala. Desse trålarane vert kalla hekktrålarar. På nokre mindre båtar vert trålen teken ut og inn over sida på båten.
Viktig dekksutstyr på ein trålar er vinsj og kran.
Sjarken

I kystfisket bruker vi helst mindre båtar. Ein sjark er ein liten fiskebåt med huset framme. Han kan betenast av éin mann. Fiske med både garn, line og teiner og ruser vert drive med sjarkar.
Dekksutstyret om bord omfattar vanlegvis ein hydraulisk halar og utstyr tilpassa ulike reiskapar. I tillegg kjem utstyr for førstehandsbehandling av fangsten.
Notbåten

Kystnotbåten kan vera mellom 70 og 110 fot. Havgåande ringnotfartøy er større, opptil 50 meter eller meir.
Aktuelt dekksmaskineri her er vinsj, triplex, kran og fiskepumpe. Havgåande ringnotfartøy har fabrikk om bord slik at fangsten kan behandlast fram til innfrysing.
Autolinefartøy

Autolinefartøy finst i dag i mange storleikar – frå ca. 8 meter og til havgåande skip på opptil 60 meter og meir.
Eit autolinefartøy har utstyr for mekanisert linedrift. Her vert krokane lagra i eit magasin og vert egna maskinelt. Viktig dekksmaskineri på ein autolinebåt er linehalar, splittemaskin, krokmagasin og setjeeining.
Snurrevadfartøy

Fiske med snurrevad går helst føre seg i kystnære farvatn, og båtane er vanlegvis mindre enn havgåande trålarar og notfartøy.
Vanleg dekksmaskineri på ein snurrevadbåt er triplex, kran og nokkvinsj.
Garnbåt

Garnbåtar er mindre båtar som opererer langs kysten.
Utstyr om bord er spel, garnhalar, garnrenne, garngreiar og garnbinge. Garnbåten har også sløyelinje.
Not- og snurrevadfartøy

MS Bernt Oskar er ein kombinert kystnot- og snurrevadbåt. Han er 36,5 meter lang.
Fartøyet er utstyrt for bløgging, sløying, kjøling og frysing av fangst. Det betyr at fartøyet kan levera fersk og frosen fisk. Fartøyet har også utstyr for å kunna levera levande fisk.
Båtar før og no

Ressursane i havet har alltid vore viktige for menneska, og båten er derfor eit svært gammalt framkomstmiddel. Kommersielt fiskeri, der fiskaren leverer fangsten til oppkjøparen på mottaket, vart tidlegare drive i trebåtar med årer eller segl.
To viktige milepålar i båtens historie er motordrift og bruk av kraftblokk til haling av reiskap.
Dekksmaskineri og utstyr
Med dekksmaskineri meiner vi tekniske hjelpemiddel som fartøyet har, og som vert brukt for å handtera reiskap og fangst. Her er nokre av dei viktigaste typane dekksmaskineri du finn på norske fiskebåtar.
Vinsj
Ein vinsj er ein motordriven trommel som vert brukt til å trekkja eller stramma tau, vaierar og kjetting. Vinsjar finst i mange storleikar og vert blant anna brukte til å hala bruk og ankerkjetting og til å stramma fortøyingar.
Kraftblokk eller notvinsj vert brukt til å hala notbruk om bord.
Større notfartøy har ein spesialisert vinsj som vert kalla triplex.
Kran
Kran om bord i båt vert for eksempel brukt til å løfta ein fylt trål om bord. Han vert også brukt til å flytta utstyr og til å løfta konteinarar med fangst i land. Fartøy som ikkje har kran om bord, er avhengige av at det er kran på kaia.
Spel med etterhalar

Vi bruker spel når vi drar garn eller line. Bak spelet kjem ein etterhalar, som også vert kalla hjelpemann.
Garnrenne, garngreiar og garnbinge
Garnrenna er eit bord som garnet med fangsten i vert lagt på. Her vert fangsten frigjort frå garnet. Deretter trekkjer ein garngreiar det tømte garnet bak til ein garnbinge. Garnet er då klart til å setjast på nytt.
Linesetjar, rekkerull, linespel og kveilar
På konvensjonelle linebåtar sørgjer ein linesetjar for at lina med krokar og agn går i sjøen. Lina vert trekt over rekkerullen når linespelet dreg ho opp. Mellom rekkerullen og linespelet sørgjer ein fiskestoppar for at fangsten vert teken av krokane. Til slutt sørgjer ein eigen kveilar for at lina vert lagd tilbake i stampen.
Setjeeining, linehalar, splittemaskin og krokmagasin – autolinebåten

Setjeeininga hentar krokane frå eit magasin og køyrer dei inn i egnemaskina. Dei ferdig egna krokane går deretter i sjøen. Autolina vert også hala av eit linespel, over ein rekkerull og gjennom ein fiskestoppar. Her er det større dimensjonar og fleire krokar. Lina går deretter gjennom ei eining som fjernar snurr, og ei splittemaskin sørgjer for at krokane vert lagde rett i magasinet, klare for ny setjing.
Sløyelinje
Utstyret som vert brukt for å få fisken av reiskapen og til lagring, vert kalla sløyelinje. Det er her førstehandsbehandlinga skjer. Sløyelinja består av ei renne der fisken vert teken av reiskapen, eit kar for bløgging som er følgt av eit utblødingskar, ein benk for sløying der innvolane vert tekne ut og hovudet kappa av. Til slutt er det vaskekar med vippe før fisken vert lagd i lagringskar. Ei sløyelinje er bygd opp sånn at fleire personar samarbeider. Kvar person har sin plass og utfører sin arbeidsoperasjon.
Finn ut
Besøk ein fiskebåt. Finn ut kva utstyret om bord heiter. Ta bilete og noter korleis utstyret verkar. Lag ein biletserie som viser gangen i arbeidet ved setjing og haling av bruk.
Kva for lokale ord og uttrykk vert brukte om utstyret?