Ringnot
Ringnot

Ringnota er ei stor not som vert halden oppe av flyteelement. Nota vert trekt rundt fiskestimen og fortøyd i skipssida. Så vert snurpelina stramma – ho går gjennom ringar i botnen av nota.
Ekkolodd
Før vi kastar med nota, må vi vita kvar fisken står. Skipperen kartlegg djupna og botnforholda ved hjelp av ekkolodd. Dette er viktig for å unngå skadar på reiskapen. Vi lokaliserer fiskestimen ved hjelp av sonar, og får fartøyet i rett posisjon før vi kastar nota.
På eit moderne ringnotfartøy vert nota sett ved at drivankeret, som skal dra ut nota, vert kasta over hekken på båten. Skipperen fører båten rundt stimen slik at fisken vert stengd inne, og så vert snurpevinsjane starta. Dei snurpar inn botnen heilt til alle ringane er komne opp ved sida av skuta.
Nota vert deretter halt inn og stua bak i notbingen. Når mesteparten av nota er køyrd inn, er fangsten trengd opp ved sida av båten. Når fisken er trengd saman i posen ved skutesida, tek vi han om bord ved hjelp av ei fiskepumpe.
Snurpenot

Snurpenota er forløparen for ringnota. Snurpenota vart rodd ut med ein mindre båt, ein dory. Gjennom store masker i botnen av nota gjekk ei snurpeline. Når ein stramma lina, vart fisken trengd saman i ein pose.
Fangsten vart håva om bord i snurparen.
Nottypar
Ringnøter finst i ulike storleikar og er bygde opp på litt ulik måte, alt etter kva type fartøy og kva type fisk dei skal brukast til. Ei sildenot kan vera ca. 456 famnar lang og ca. 133 famnar djup. Nøter til makrell, sild og sei kan ha etter måten store masker, ca. 30 omfar. Lodde og brisling må ha ca. 63 omfar.
30 omfar vil seia at maskevidda er på om lag 42 mm. Ein famn er 183 cm. Kor lang og djup er ei sildenot målt i meter? Kva er maskevidda på ei not på 63 omfar? Du finn stoff om omfar og maskevidde under reiskapslære.
Omgrep du bør kunna:
- ekkolodd
- sonar
- aktiv fiskereiskap
- innestengingsprinsippet
- stimfisk
- not
- famn
- maskevidde
- omfar
- drivanker
- vinsj
- Triplex
- fiskepumpe