Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald
Tilleggsstoff

Blodtypar

Blodtypen din avgjer kven du kan gi eller få blod frå. Det finst mange ulike blodtypar og system for å klassifisere blod. Lær om blodtypane i ABO-systemet: A, B, AB og O, korleis dei blir arva, og kvifor nokon er universalgivarar mens andre er universalmottakarar.

Antigen

I ABO-systemet har vi dei fire blodtypane A, B, AB og O. Disse kjem av to ulike stoff vi finn på overflata av raude blodceller: antigen A og antigen B. Ein person med blodtype A har raude blodceller med antigen A, mens ein person med blodtype B har blodceller med antigen B. Blodtype AB betyr at begge antigena er til stades, mens ingen av dei finst på blodcellene ved blodtype O.

Antistoff

Antistoff er stoff immunforsvaret lagar for å forsvare kroppen mot det som er framandt. For ein person med blodtype A vil blodtype B representere noko framandt, så kroppen lagar antistoff mot denne blodtypen. Dei som har blodtype A, har derfor antistoff mot blodtype B i blodet sitt. Kroppen lagar altså antistoff mot den blodtypen han ikkje har sjølv.

Fordi ein person med blodtype AB manglar antistoff mot blodtype A og B, kan vedkommande tolerere raude blodceller frå alle andre blodtypar. I samband med blodoverføringar seier vi gjerne at dei som har blodtype AB, er universalmottakarar, dei kan få blodceller frå "alle". Dei som har blodtype O, har blodceller utan antigen og kan gi blodceller til "alle". Dei er universalgivarar.

Visste du at ...

Fordelinga av blodtypar varierer rundt om i verda? I Noreg er blodtype A vanlegast, og blodtype O er vanlegare på Vestlandet enn på Austlandet. Blodtype B er vanlegast i fleire land i Aust-Asia, og i Sør-Amerika har dei fleste blodtype O.

Arv

Blodtypen din er arva frå foreldra dine. Han blir bestemd av eit enkelt gen som finst i tre moglege variantar (allel): A, B eller O. Du får éin variant frå kvar av foreldra dine som til saman utgjer ein genkombinasjon (genotype).

Genutgåvene for A og B er like dominante (kodominante). Begge dominerer over O, som er vikande eller recessiv. Det betyr at genkombinasjonane (genotypane) AA og AO begge gir blodtype A. Vidare gir både BB og BO blodtype B, genotype AB gir blodtype AB, mens OO vil gi blodtype O. Dette gjer at vi får fire moglege blodtypar: A, B, AB og O.

Samanhengen mellom Genotype og blodtype

Genotype

Blodtype

AA, AOA
BB, BOB
OO

O

ABAB

Døme

Ei kvinne med blodtype AB og ein mann med blodtype B får barn saman. Kvinna har blodtype AB og dermed genutgåvene "A" og "B". Mannen som har blodtype B, kan anten ha genutgåvene "B" og "O" eller berre "B". I dømet under veit vi at mannen har både "B" og "O".

Blodtypen til barnet blir no avgjord av kva genutgåver som det arvar frå mor og far. Genutgåvene blir kombinerte to og to og gir ein genkombinasjon som svarer til éin av dei fire moglege blodtypane i ABO-systemet: A, B, AB eller O.

Rhesus-systemet

I tillegg til ABO-systemet er det vanleg å oppgi om blodet er rhesuspositivt eller rhesusnegativt. Viss du til dømes har blodtype B og er rhesuspositiv, blir dette oppgitt som blodtype B+. Viss du er rhesuspositiv, betyr det at dei raude blodcellene har antigen. Rhesusnegative har ikkje dette antigenet.

Ein person som er rhesusnegativ, kan utvikle antistoff mot rhesusantigenet viss vedkommande får blod frå ein person som er rhesuspositiv. Ved blodoverføring av rhesuspositivt blod ved eit seinare tidspunkt vil antistoffa angripe dei overførte blodcellene, noko som vil gi alvorlege følger.

Oppgåver

Kva er rett om blodtypar?

Kjelder

Evensen, S.A. & Solheim, B. G. (2025, 24. februar). Rhesussystemet. I Store noske leksikon. https://sml.snl.no/rhesussystemet

Lie-Jensen, A. (2024, 13. september). ABO-systemet. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/ABO-systemet

The American Red Cross. (u.å.). Facts About Blood and Blood Types. Henta 23. juni 2025 frå https://www.redcrossblood.org/donate-blood/blood-types.html

Vikse, J. (2025, 25. februar). Antigener. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/antigener

Skrive av Thomas Bedin og Kristin Bøhle.
Sist oppdatert 04.09.2025