Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Genteknologi og arv hos mennesket – moglegheiter og grenser

Genteknologi gir mange moglegheiter for å påverke eigenskapane til eit ufødd barn. Dette reiser mange etiske spørsmål: Bør vi bruke slik teknologi, og kven skal i så fall bestemme kva som er tillate?

Genredigering med CRISPR

CRISPR er ein metode som gjer at vi kan redigere gensekvensar i ein organisme på ein meir presis måte enn med tidlegare teknologiar. På same måte som ein kan redigere gensekvensar i plantar og dyr, kan ein gjere det i menneske. Dersom eit embryo blir genredigert, kan kommande generasjonar arve endringane. Sjølv om CRISPR blir stadig meir presist, medfører metoden ein risiko for utilsikta endringar i andre delar av genomet. I dag er det ikkje tillate å bruke CRISPR til genredigering av menneskeembryo.

Preimplantasjonsgenetisk testing (PGT)

Ei anna moglegheit er å genteste embryoet før det blir sett inn i livmora til kvinna som skal bere fram barnet, såkalla preimplantasjonsgenetisk testing (PGT). Lovverket avgrensar i dag bruken av PGT til testing for enkelte arvelege sjukdommar.

Det er berre eit fåtal eigenskapar som berre blir bestemde av eitt enkelt genpar. Døme på slike eigenskapar er blodtypar i ABO-systemet, raud-grøn fargeblindheit og sjukdommen cystisk fibrose. Dei fleste eigenskapar blir bestemde av mange genpar og samspelet mellom desse og miljøet barnet veks opp i. Døme på slike eigenskapar er høgde, hudfarge, intelligens og anlegg for idrett. Dette gjer at det ikkje er så lett å velje eigenskapane til eit barn som ein kan få inntrykk av. Såkalla designarbabyar barn med eigenskapar valde på førehand er derfor sannsynlegvis ikkje noko vi kjem til å sjå i nær framtid.

Tilføring av heilt nye gen

I tillegg til å forandre på gen ein allereie har, er det òg mogleg å tilføre heilt nye gen, til og med frå andre artar.

I Kina har det sidan 2006 eksistert sjølvlysande grisar. Dette fekk ein til ved å setje inn gen frå ei fluoriderande glasmanet i eit griseembryo. Resultatet er grisar som lyser når dei blir utsette for UV-stråling. Sannsynlegvis ville det same vore mogleg med menneske. Å overføre gensekvensar frå ein organisme til ein annan gir mange moglegheiter, men det er òg mange motførestillingar ved dette.

Tenk gjennom og diskuter!

Tenk deg at du hadde mogelegheita til å overføre gen frå dyr eller plantar til ditt eige barn. Kva eigenskapar ville du ha overført? Forklar korleis du tenker.

Etiske grenser

Genredigering av menneske er forbode i dei fleste land. I 2019 vart ein kinesisk forskar dømd til fengsel for å ha villeidd foreldre og styresmakter. Han hadde redigert gen i embryoa til para. Målet var å gjere babyane immune mot HIV-viruset. Kina er kjent som eit av dei mest liberale landa når det gjeld bioteknologi, men òg her set etikken grenser for kva det er greitt å gjere.

Tenk gjennom og diskuter!

  • Kva fordelar kan det ha å tillate utval av gen?
  • Sjølv om ein vel og redigerer gen, er ein ikkje garantert ønskt resultat. Kva faktorar kan påverke korleis eit menneske utviklar seg?
  • Mange meiner at seleksjon av gen vil føre til eit mykje meir klassedelt samfunn. Kva kan vere grunnen til at dei fryktar dette?
  • Kan du tenke deg ein eigenskap som vi finn hos plantar eller dyr, og som vi gjerne kunne overføre til menneske?

Eggdonasjon

I 2020 vedtok Stortinget å tillate eggdonasjon for par. I andre skandinaviske land har dette vore tillate lenge. Eit av argumenta for det tidlegare forbodet var at mor skulle vere det genetiske opphavet til barnet. Det vil seie at ho skulle vere genetisk mor til barnet. For at eit par skal få barn ved hjelp av eggdonasjon i Noreg no, må faren vere den genetiske faren til barnet. Det er altså ikkje tillate med både egg- og sæddonor (dobbeltdonasjon).

Mitokondriedonasjon

I Storbritannia vart det i 2016 tillate med mitokondriedonasjon ved prøverøyrsbefruktning. Mitokondrium inneheld eige DNA, så når barnet får cytoplasmaet til eggcella med mitokondrium frå ein donor, vil det altså ende opp med tre genetiske foreldre. Formålet med mitokondriedonasjon er å hindre at barnet arvar defekte mitokondrium, ein tilstand som gir eit kort og vanskeleg liv.

Tenk gjennom og diskuter!

  • Kva argument trur du vart brukte for og imot eggdonasjon til par/ ektefellar?
  • Kva kan grunnen vere til at eggdonasjon berre vil vere mogleg for par/ektefellar, mens einslege kvinner kan få assistert befruktning av eigne egg?
  • Kva meiner du om mitokondriedonasjon? Bør det bli tillate i Noreg?

Kva ønsker vi for framtida?

Ved å kartlegge DNA kan du få informasjon om kva for nokre arvelege sjukdommar du kan få, kor sannsynleg det er at du vil utvikle bestemde lidingar, kva kosthald du bør satse på, kva treningsform som er bra for deg, og kva du kan bli god til. Denne informasjonen er høgast privat, men mange fryktar at forsikringsselskap, arbeidsgivarar og utdanningsinstitusjonar etter kvart vil be om at du deler han med dei.

Tenk gjennom og diskuter!

  • Kva fordelar kan det ha at til dømes skulen din veit kva gen du har? Ser du nokre ulemper?
  • Kva for nokre negative konsekvensar kan det få viss forsikringsselskap krev innsyn i DNA-et ditt før dei inngår ein avtale?
  • Kva konsekvensar kan det få viss ein arbeidsgivar ber deg om å legge ved DNA-profilen din saman med CV-en når du søker jobb?

Kjelder

Bioteknologirådet. (2024). Gentesting av befruktede egg. https://www.bioteknologiradet.no/temaer/gentesting-av-befruktede-egg-pgd/

Bioteknologirådet. (2024). Mitokondriedonasjon. https://www.bioteknologiradet.no/temaer/mitokondriedonasjon/

Halsne, R. (2017, 11. januar). Storbritannia tillater mitokondriedonasjon. https://www.bioteknologiradet.no/2017/01/storbritannia-tillater-mitokondriedonasjon/

Romunstad, L. B. & Berteussen, L. M. (2022, 10. november). Eggdonasjon. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/eggdonasjon

Skrive av Nina Mari Wagner.
Sist oppdatert 19.09.2025