Filmkritikar - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Filmkritikar

Analyser, tolk eller samanlikn film(ar) i eit oppdrag som filmkritikar. Filmkritikken skal lagast som eit videoinnlegg, tenkt for publisering i ein eigna filmkanal.

Filmkritikaren

Filmkritikaren er grundig, reflektert, analytisk og tolkande. Filmkritikaren kan studere form, samanlikne filmspråk og/eller setje film(ar) i ein sosiopolitisk eller filmhistorisk kontekst.

Denne definisjonen av filmkritikk må ikkje bli forveksla med filmmeldinga. Meldinga er ei kortare form for filmkritikk og handlar meir om innhald enn form.

Kilde: Gjelsvik, A. (2002). Mørkets øyne. Filmkritikk, vurdering og analyse. Universitetsforlaget.

Lag eit videoinnlegg som filmkritikar

1. Oppgåveskildring

I denne oppgåva skal du velje ein film eller fleire, og ta på deg dei filmkritiske brillene dine. Du skal formulere ei problemstilling basert på filmen/filmane du vil utforske. Du skal bruke kjelder og eigne observasjonar, tolkingar og analysar for å prøve å finne svar på problemstillinga.

Svaret skal leverast som eit videoinnlegg, tenkt publisert i ein kanal for filminteresserte på nett.

Krav til videoinnlegget

  • Videoinnlegget skal ha ei tydeleg formulert problemstilling innan emnet film.

  • Innlegget skal innehalde refleksjonane dine og svara dine på ei problemstilling og dessutan bilete og/eller klipp frå filmen/filmane.

  • Du må føre opp og kreditere kjelder, og det vere i tråd med retningslinjer og regelverk.

  • Lengde: tre–fem minutt

  • Filformat: MP4 med H.264

2. Utforsking og problemstilling

Utforsking

Start med å tenke over kva du er interessert i å finne ut meir om når det gjeld film. Døme: Har du ein favorittregissør? Liker du ein type sjanger? Har du lagt merke til nye tendensar i filmmediet, eller nyleg sett ein film som har gjort inntrykk?

Søk på nettet etter relevant innhald om film for å bli inspirert og for å finne spørsmål du kan utforske vidare. Du kan finne filmstoff og filmkritikk i norske og utanlandske nettmagasin som Montages, Rushprint og Sight and Sound. På NDLA film ligg mange filmar som du kan sjå gratis og studere nærare.

Problemstilling

Når du skal lage problemstilling, er det viktig å vere konkret og ikkje femne for breitt. Å avgrense problemstillinga er kanskje det viktigaste grepet du må ta for å komme i mål med oppgåva. Jo meir konkret du kan formulere problemstillinga, og jo meir avgrensa og presis ho blir, jo lettare blir det å gjennomføre.

Det kan vere god hjelp å diskutere moglege problemstillingar i ei gruppe. Kva er gjennomførbart, kva ressursar finst, og kva er det eigentleg du vil undersøke?

Her følger nokre forslag til problemstillingar:

  • Korleis klarer regissøren X å skape og halde spenninga oppe i filmane sine?

  • I kva grad låner dokumentarfilmen X filmatiske verkemiddel som er typiske for den hollywoodske spelefilmen?

  • Korleis blir minoritetar framstilte i filmane X og X?

  • Korleis påverkar iscenesetjinga oppfatninga vår av karakterane i filmen X?

  • Kva er likskapar og forskjellar i filmspråket til regissørane X og X?

3. Gjennomføring

Videoinnlegget kan bestå av filmklipp, eigenprodusert videomateriale, voiceover, bilete, tekst, musikk og lydeffektar.

Start med å samle bevis for å svare på problemstillinga di. Dette gjer du ved å nærlese filmen/filmane, lese om film og finne klipp som problematiserer eller støttar problemstillinga di.

Sitatretten gjer det mogleg å bruke klipp frå filmen for å eksemplifisere og illustrere. Finn ut korleis du kan laste ned filmklipp på ein lovleg måte. Det finst mange nedlastingsverktøy på internett.

Fagartikkel: Om sitatretten

Skriv eit manus på mellom 750–1000 ord. Hugs at du må bygge gode argument for å verke truverdig og overtydande. I tillegg må du klare å fange og halde på interessa til mottakarane.

Spel inn manuset framfor kamera eller som ein voiceover. Gjer andre opptak viss du treng.

4. Etterarbeid og publisering

I redigeringa legg du til passande filmklipp, bilete, overskrifter og andre grafiske element. Du må kreditere kjeldene og klipp på rett måte og legge til passande lyd og musikk. Hugs at videoinnlegget skal vare tre–fem minutt.

Fagartikkel: Finn innhald du kan bruke og dele

Til slutt: Eksporter i filformat MP4 med H.264, og vis videoinnlegget i klassen.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022