Å utforske i medieproduksjon - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Å utforske i medieproduksjon

Ta deg tid til å vere nysgjerrig, stille spørsmål og eksperimentere når du jobbar med ein medieproduksjon. Ei utforskande tilnærming til arbeidet vil styrkje kvaliteten på produktet ditt.

Å utforske betyr å søkje, undersøkje, oppdage og observere.
Det kan òg bety å eksperimentere, teste eller prøve ut. Ein nyheitsreporter utforskar når han eller ho undersøkjer ei sak frå fleire sider. Influensaren utforskar når han eller ho eksperimenterer med nye format og verkemiddel.

Utforsking i medieproduksjon handlar om at du er open for læring og tør å gå for nye idéar. Du utforskar når du spør og granskar, gjer undersøkingar eller prøver ut nye teknikkar med utstyr og nye funksjonar i programvare. Å utforske i eit oppdrag frå ein tenkt eller reell oppdragsgivar kan vere ekstra motiverande, og det hjelper deg med å vidareutvikle produksjonspraksisen din.

Korleis starte ein utforskande prosess?

Instruksjonsmodellen LES (Launch, Explore, Summarize) eignar seg til å strukturere den første fasen i ein utforskande medieproduksjon.

Den består av desse trinna:

  1. Kva lurer vi på? (launch = avfyring)

  2. Kva kan vi samle av informasjon om det vi lurer på? (explore = utforsking)

  3. Kva har vi funne ut av? (summarize = oppsummering)

NDLA: Slik kan du jobbe utforskande

Denne sida gir deg tips til korleis du kan kome i gang med utforsking, og korleis du kan leggje opp arbeidet.

Kvifor utforske i mediefag?

I mediebransjen skjer endringar fort. Det kjem stadig nye publiseringskanalar, nye publiseringsverktøy og nye krav. Dersom du skal henge med på alt som skjer, må du kunne omstille deg og vere villig til å fornye deg. Då er utforskande kompetanse sentralt.

Du må ta deg tid til å prøve nye ting og vite korleis du går fram for å løyse aktuelle problem og utfordringar. Sjefar i mediebransjen vil ha folk som er nysgjerrige, idérike, kreative, nyskapande og løysingsorienterte! Når du held på med utforskande arbeid, utviklar du slike eigenskapar.

Samarbeid med bedrifter eller kommunen

Å utforske med utgangspunkt i eit oppdrag kan vere motiverande. Ta kontakt med lokale bedrifter eller kommunen. Kanskje dei treng hjelp med noko?

Skaff deg eit oppdrag sjølv

Dersom du ikkje får nokon utanfor skulen til å gi deg oppdrag, kan du prøve å finne eit oppdrag sjølv. Ta kontakt med vener, familie, skulen, idrettslag eller kommunen. Kanskje nokon av dei treng hjelp med å løyse oppgåver der kompetansen din kan kome til nytte?

Nedanfor kan du finne inspirasjon til oppdrag og lese meir om korleis du kan finne ein oppdragsgivar.

Kjelde

Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo (2021). Læring gjennom å utforske. https://www.uv.uio.no/forskning/satsinger/fiks/kunnskapsbase/elevaktive-arbeidsformer/lering-gjennom-a-utforske/

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2021