Oppgave
Filmkritikar
Analyser, tolk eller samanlikn film(ar) i eit oppdrag som filmkritikar. Filmkritikken skal lagast som eit videoinnlegg, tenkt for publisering i ein eigna filmkanal.

Hyl viss du hatar filmen! Nei, oppgåva til ein filmkritikar handlar om meir enn den subjektive oppfatninga hen har av ein film. Filmkritikaren stiller spørsmål til filmen, tolkar og reflekterer.
Filmkritikaren
Filmkritikaren er grundig, reflektert, analytisk og tolkande. Filmkritikaren kan studere form, samanlikne filmspråk og/eller setje film(ar) i ein sosiopolitisk eller filmhistorisk kontekst.
Denne definisjonen av filmkritikk må ikkje bli forveksla med filmmeldinga. Meldinga er ei kortare form for filmkritikk og handlar meir om innhald enn form.
Kilde: Gjelsvik, A. (2002). Mørkets øyne. Filmkritikk, vurdering og analyse. Universitetsforlaget.

Kinofilmen har fascinert publikum sidan starten. Her eit bilete frå Klingenberg kino i Oslo i tidlege filmår.