Analyse av samansette tekstar - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Analyse av samansette tekstar

Kva spørsmål stiller du når du skal analysere ein samansett tekst? Dei fleste tekstar består av fleire meiningsskapande element. Kva du bør leggje vekt på i analysen, er avhengig av kva slags uttrykksformer som er brukte.
Bildeboka er samansett av verbaltekst og illustrasjonar. Her gir Stian Hole deg nokre tips om kva du kan undersøkje når du skal analysere ei bildebok. Video: Stian Hole , Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

1. Få eit overblikk over teksten

Byrje med heilskapen og det å plassere teksten i ein samanheng:

  • Kven er avsendar?

  • Kva handlar teksten om?

  • Kva er formålet med teksten?

  • Kva slags sjanger tilhøyrer teksten? Har teksten element frå fleire sjangrar?

  • Når blei teksten publisert?

  • Kva slags medium eller kanal er teksten skapt og publisert i?

  • Kven er målgruppa?

2. Tekstelement

Når du analyserer samansette tekstar, bør du sjå på kva slags uttrykksformer som er brukte. Beskriv dei visuelle, verbale, auditive og/eller interaktive elementa som teksten består av.

Ikkje alle punkta under er relevante for alle tekstar, så du må velje ut dei som passar til teksten du jobbar med.

Forklar kva slags eigenskapar dei ulike elementa har, og kva slags funksjon dei får i teksten. Dominerer nokon av elementa?

Visuelle element

At noko er visuelt, vil seie at det består av synsinntrykk og bilete.

  • Beskriv , bilete, og .

  • Kva element legg du merke til først? Korleis er plassering og fargebruk med på å leie blikket ditt?

  • Korleis bidreg dei ulike visuelle elementa til å uttrykkje og understreke innhaldet i teksten?

  • Finn du bruk av kontrastar eller symbol?

Relatert innhald

Fagstoff
Biletanalyse

Ein biletanalyse inneheld tre steg: skildring, analyse og tolking.

Verbaltekst

Verbal betyr ord. Her skal du sjå nærare på korleis språket er brukt i teksten:

  • Kva slags ord er brukte for å beskrive tema i teksten? Er ordvalet nøytralt, eller er det valt spesielt negativt eller positivt lada ord?

  • Kva slags språkfunksjonar finn du? Er teksten informativ, ekspressiv eller appellativ?

  • Argumenterer teksten? Kva er argumenta, og korleis fungerer dei? Er det brukt open eller skjult argumentasjon?

  • Korleis vil du beskrive stil og tone i språket? Er språket til dømes formelt, personleg, ungdommeleg eller poetisk?

  • Kva slags språklege verkemiddel er brukte i teksten, og kva slags funksjon har dei? Døme på slike verkemiddel er kontrastar, gjentakingar, språklege bilete, over- eller underdrivingar.

Relatert innhald

Fagstoff
Open og skjult argumentasjon

Om forskjellen mellom open og skjult argumentasjon, og om korleis desse to omgrepa samsvarer med dei retoriske fagomgrepa etos, logos og patos.

Auditive element

Auditiv betyr noko som vi kan høyre.

  • Kva slags auditive element er i bruk i teksten?

  • Beskriv musikk, lydeffektar og stemmebruk, og sjå på kva slags funksjon desse har i teksten.

  • Understrekar dei auditive elementa det verbale innhaldet, eller blir dei ein kontrast til dette?

  • Skaper dei stemning eller assosiasjonar?

Relatert innhald

Fagstoff
Lyd som verkemiddel

Lyd kan skape bilete eller vere med på å fylle ut dei bileta du ser. Her kan du lære korleis lyd kan brukast som verkemiddel i ulike medieproduksjonar.

Interaktive element

Somme tekstar gir rom for dialog eller at mottakaren kan ta val undervegs. Døme på interaktive element er kommentarfelt, dele- og "like"-knappar, spelbare element og lenkjer til anna innhald.

  • Kva for interaktive element er i bruk i teksten?

  • Korleis bidreg dei interaktive elementa til innhaldet i teksten?

3. Samspelet mellom elementa

Vurder korleis samspelet mellom elementa bidreg til å skape meining i teksten:

  • Dominerer eitt eller fleire element?

  • Korleis bidreg måten dei ulike elementa er sett saman på, til å skape innhald og formidle bodskapen i teksten?

  • Forsterkar eller utfyller elementa kvarandre, eller motseier dei kvarandre?

Relatert innhald

4. Vurder og kommenter heilskapen

Til slutt samanfattar du og reflekterer rundt teksten samla sett igjen.

  • Korleis vil du samanfatte tematikken i teksten etter å ha sett nærare på detaljane?

  • Kan du plassere temaet og teksten i ein kontekst?

  • Korleis vurderer du denne teksten? Oppnår teksten det som er formålet med han?

  • Når bodskapen fram til mottakarane og målgruppa på ein god måte?

Relatert innhald

Fagstoff
Analyse av gatekunst

Korleis kan du analysere gatekunst? Her finn du ein mal og ein modelltekst for å vise korleis du kan jobbe med ein samansett tekst der biletet dominerer.

Skrive av Caroline Nesbø Baker og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022