Lag ei lokalradiosending - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag ei lokalradiosending

Del klassa inn i grupper på fem elevar. Kvar gruppe skal planlegge, produsere og avvikle ei radiosending for ein lokal radiostasjon. Eit anna alternativ er å lage ei skulesending som blir kringkasta i kantina i langfri.

Oppdrag

  • kvar person skal produsere eitt radioinnslag på 90 til 120 sekund som skal avviklast i sendingane
  • spele inn ein jingle med radioidentiteten "Du høyrer på Radio XXX" med eiga røyst, og legge på lydeffektar i etterkant
  • spele inn eitt slagord for sendinga, til dømes "Bilete er best på radio"
  • foreslå eitt musikkinnslag

Arbeidsfordeling

  • 1 teknikar
  • 2 programleiarar (+ ev. eigen vêr- og nyheitsopplesar)
  • 1 ansvarleg for sms-konkurranse
  • 1 ansvarleg for køyreplan og musikk

Evaluer prosess og produkt når sendinga er ferdig.

  • Kva fungerte bra?
  • Kva kunne ha vore betre?
  • Kva lærte du?

Relatert innhald

Skrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018