Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Research og bruk av kjelder

Lag medieproduksjonar av høg kvalitet, sørg for å vere godt orienterte. Kva er sentrale kunnskapar om temaa de skal behandle? Korleis bør de planleggje formidlinga?
Dette lærer du om
  • Bruk strategiar for kjeldesøk og kjeldekritikk i researcharbeid.

  • Finn gode kjelder når du skal lage ein medieproduksjon.

  • Kjeldene kan gi deg infomasjonen du treng, eller dei kan vere eksempel på sjangrar og format.

Informasjon gjennom research gir kvalitet

De må ta research-fasen på alvor viss det de lagar, skal halde god kvalitet.

Innhald: På den eine sida må de ha eit solid grunnlag for innhaldet og bodskapen de skal formidle.

Formidling: På den andre sida sikrar de kvalitet på formidlinga ved å gjere research på formatet og sjangeren.

1. Research i grupper, vel oppdrag

Arbeid i grupper på tre–fire. Vel eit oppdrag.

Sportsjournalistikk

Dekk ein fotballkamp eller eit skyttarstemne (vel medium og format sjølv).

Kommunikasjonsarbeid for helsestasjonen

Lag ein video (med enkelt lydspor) om barn og oppdraging.

Humoristisk podkast for skulen

Temaet er søppelsortering som tiltak for berekraft.

2. Kunnskapar om innhaldet

Bruk søkestrategiar og skaff dykk kunnskapar om temaet for å løyse oppdraget.

Diskuter undervegs:

  1. Kva strategiar har de for å skaffe dykk kunnskapen de treng?

  2. Korleis sjekkar de at de har funne fram til nok og riktig kunnskap om temaet de skal jobbe med?

3. Undersøk format og sjangrar

Bruk søkestrategiar og skaff dykk innsikt i formatet og sjangeren til medieproduktet dykkar.

Finn døme på medieproduksjonar som liknar det medieproduktet de skal lage. Still spørsmål til døma de har funne:

  1. Korleis er innhaldsformidlinga?

  2. Kva verkemiddel og forteljeteknikkar er sentrale?

  3. Kva for retoriske grep finn de i døma?

  4. På kva måte er målgruppa teke omsyn til i døma?

  5. Diskuter til slutt: Kva eigenskapar og teknikkar vil de ta i bruk i eigen produksjon? Kvifor vel de ut akkurat desse formmessige grepa? Kvar passar dei best inn i medieproduktet?

4. Presenter for klassen

Kvar gruppe presenterer sitt valde oppdrag. Vis fram kjelder. Forklar òg kva som er sentral informasjon for saka, og kvifor dette er sentral informasjon. Presenter òg utvalde verkemiddel og grep til formatet.

Relatert innhald

Nettsøk og tekstgenerering

Ei innføring i bruk av søkemotorar på internett og kva som er forskjellen på nettsøk og det å generere tekst frå ein praterobot.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 27.10.2025