Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Ta vare på utstyr

Har du tenkt gjennom korleis du behandlar datamaskinen og kameraet ditt? For at utstyret vårt skal vare lenge og halde kvaliteten, må vi vere medvitne om korleis vi handterer det.

Generelle råd for all utstyrsbruk

Støyt eller fall, skit og fukt er dei verste fiendane for utstyret vårt.

Nyttige råd som gjeld alt utstyr

  • Pakk utstyret i polstra bag før transport, og ha ein plastpose med i bagen.
  • Sjekk at utstyret er komplett og i orden før du går ut på oppdrag, så slepp du å improvisere.
  • Sørg for at utstyret blir halde tørt – hald regn og drikke på trygg avstand.
  • Plasser og sikre utstyret og alle tilkoplingar slik at det ikkje blir velta eller tråkka på.
  • Ikkje bruk makt ved tilkopling.
  • Sjå over utstyr etter kvart oppdrag, rengjer for skit og støv.
  • Erstatt øydelagde eller manglande delar, og legg utstyr tilbake på ein trygg stad i komplett stand.
  • Øydelagd eller mangelfullt utstyr bør plasserast på ein eigen stad for å bli kassert eller reparert.

Tenk over utstyrshandtering på skular

Om mange nyttar same utstyr, bør det liggje ein instruks saman med utstyret. Ved utlån bør nokon kontrollere at instruksen er lesen og forstått. Nokre skular har eigen utstyrsansvarleg og ordningar med «sertifikat» i utstyrshandtering.

Kvifor er det viktig med gode rutiner for handering av utstyr på skular?

Konkrete råd for bruk av spegelreflekskamera

  • Ha alltid stroppen rundt halsen, så mistar du ikkje kamera i bakken.
  • Hald kamera med høgre hand på høgresida.
  • Hald kamera reint og tørt.
  • Sjekk at gummi over inngangar og andre luker er heilt på plass.
  • Ta aldri på linsa, bruk gjerne UV-filter.
  • Ha linsedeksel på når du ikkje nyttar kamera.
  • Slå av kamera og hald det nedover når du skiftar linse, for å unngå støv inn i kamerahuset.
  • Ta både linselokk og linsedeksel på ekstralinser (i begge ender).
  • Hald kamera nedover når du slår det av, slik at den automatiske renseprosessen kan verke.
  • Ha alltid lokk eller linse på kamerahus.
  • Fjern batteriet straks dersom kameraet blir vått, og la deretter kameraet tørke.

  • Bruker du sjølvutløysar, bør du sikre kamera ved å feste stroppen eller setje noko på han.

  • Skal du fotografere i regnvêr, kan du dekkje til kamerae, bruke paraply eller ta bilete frå ein stad det er tørt.

Film: Klargjering og pakking av utstyr (lengde 1:39)

Sjekk at utstyr fungerer før du pakkar det ned. Kvar gjenstand skal ha sin faste plass i utstyrsveska. Sørg for at alt ligg der det skal.

Kamerabaggen. Video: Martin Aune Walther / CC BY-NC-SA 4.0
Skrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist oppdatert 27.10.2025