Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utøv kjeldekritikk i medieproduksjonar

Å vere kjeldebevisst vil seie at du tek høgde for at menneske står bak og har eit formål med informasjon du får gjennom kjelder. Skaff kjelder, bruk informasjonen og før opp kjelder i medieproduksjonane dine.

Profesjonelt arbeid med kjelder

Jobb individuelt og profesjonelt med kjelder til ein medieproduksjon.

Oppdrag

Du skal gjere research til ein medieproduksjon om ungdom, ernæring og ultraprosessert mat. Set deg inn i faktaorienterte kjelder og retorisk formidla informasjon.

Formidling av fakta

Faktabasert informasjon finn du i læremiddel, leksikon og redaktørstyrte medium.

Faktabasert informasjon har som hensikt å orientere om verkelegheita og oppgi fakta.

Retorisk formidling

Retorisk formidling finn du mellom anna i reklame, debattinnlegg og innlegg laga av influensarar i sosiale medium.

Retorisk informasjon har først og fremst til hensikt å overtyde og påverke deg.

1. Bruk strategien TONE på minst seks kjelder

  1. Last ned skjemaet.

  1. Søk på nettet etter relevante kjelder. Bruk søkeord og kombinasjonar av søkeord som ultraprosessert mat, kostråd, Mattilsynet, Helsedirektoratet, ernæring, ungdom.

  2. Bruk "AI-modus", "Alle", "nyheiter" og "Kortvideoar" for å få eit breitt utval av typar kjelder.

  3. Vel minst seks kjelder, bruk hjelpespørsmåla i skjemaet du lasta ned, og vel tre kjelder som du vurderer med strategien for kjeldekritikk TONE.

    Merk: Dersom du bruker den KI-genererte teksten i Google, må du vere merksam på at han ikkje blir rekna for å vere ei kjelde. Du kan heller bruke lenker han viser til, eller finne igjen informasjonen i kjelder du finn fram til sjølv.

2. Diskuter kjeldene

Jobb i grupper på tre.

  1. Del notat og refleksjonar.

    • Kva kjelder valde de?

    • Korleis vurderte de dei?

  2. Diskuter og bestem korleis de kan bruke kvar av dei seks kjeldene i ein medieproduksjon. Definer kva de skal lage, kva kanal de skal bruke, og målgruppa de lagar innhald til.

3. Lag eit manus for ein podkast

Bruk informasjon frå kjeldene de har funne, til å lage eit manus for ein podkast retta mot ungdom på skulen dykkar. Temaet for podkasten skal vere ultraprosessert mat.

  1. Fordel utvalde kjelder dykk imellom.

  2. Formuler fakta og retoriske formidlingar, og hugs å føre opp kjeldene.

  3. Samarbeid om å skrive eit manus for ein samtale om temaet. Set opp replikkar frå kvar av dykk. Formuler replikkane i eit munnleg språk, skriv gjerne på dialekt.

  4. Lever manuset etter avtale med læraren.

Pass på

I manuset skal det komme tydeleg fram kva som er fakta og retorisk formidling, og kva kjelder de har brukt. De skal òg skilje mellom innhald frå kjelder og kva meiningar kvar og ein av dykk har.

Til inspirasjon

Finn ei nyheit eller eit tema du interesserer deg for og lytt til ein episode frå ein av desse podkastane:

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 06.08.2026