Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Refleksjon over og dokumentasjon av medieproduksjonsprosessen

Vurder, reflekter over og dokumenter eigne medieproduksjonar.

1. Tenk over

  • Kva for fasar vil du dele produksjonsprosessen inn i?

  • Kva for fasar jobba du mest med?

  • Kva for fasar gjekk lettast å gjennomføre?

  • Er det nokon av fasane du ser at du burde ha jobba meir med, no i etterkant?

2. Suksess og tabbe

  1. Kva er den største suksessen og den største tabben din i arbeidet med medieproduksjon så langt?

  2. Kvifor vart det suksess?

  3. Kva er forskjellane på konsekvensane av å gjere ein tabbe når du produserer som medieelev, versus når du produserer for mediebransjen?

  4. Korleis kan du sikre deg mot tabbar i framtida?

3. Diskuter med ein medelev

Ta notat.

  1. Korleis planlegge eit medieprodukt, ideelt sett?

  2. Kva skjer før produksjon, under produksjonen og etter produksjon?

  3. Kva bør de gjere i ulike fasar for at resultatet skal bli best mogleg?

4. Planlegg eit oppdrag

  • Sjå på årsplanen og planlegg produksjonsprosessen til ein medieproduksjon de skal i gong med.

Lage eit skjema der du/de punktvis skriv ned kva du/de må hugse på i ulike fasar. Bruk gjerne tips frå artikkelen «Sjekkpunkt for eigne elevproduksjonar».

5. Dokumenter ein produksjonsprosess

  • Dokumentere og reflektere over produksjonsprosessen undervegs.

Slik systematiserer du erfaringane dine og du vil gjennomføre kvar ny prosess med stadig meir flyt.

Relatert innhald

Dokumentere eige arbeid

Når du jobbar med prosjekter, er det viktig å dokumentere kva du har gjort, korleis og kvifor.

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist oppdatert 30.10.2025