Læring med film og seriar - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Læring med film og seriar

Film kan gi deg innsikt i faglege tema, og nokre gonger ei djupneforståing av komplekse problemstillingar, på ein heilt annan måte enn andre læremiddel. Kva kan du lære gjennom å sjå, analysere og sjølv lage film?

Film og læring

Film og levande bilete er godt eigna til læring. Ifølge professor i pedagogikk Ola Erstad er den sterke appellen filmmediet har til kjenslene våre, noko av årsaka til at du kan lære av å sjå film. Filmar rører ved noko i oss, skaper engasjement og formidlar historier gjennom karakterar som du kan kjenne deg att i.

Vi kan liste opp fire måtar å bruke film til læring på:

  1. lære med film

  2. lage film og video

  3. vurdere film kritisk

  4. lære om film og filmhistorie

Lær med film

Mange filmar eignar seg godt til å introdusere eit tema og kan gi deg høvet til å forstå samanhengar ganske effektivt.

Filmar og seriar gir oss høve til å leve oss inn i liva og tankane til andre menneske. Anten det er dokumentar eller fiksjon, møter du gjerne ulike karakterar og perspektiv, og du kan få innsikt i problemstillingar du ikkje kjende til frå før. Filmar og seriar gir gjerne andre dimensjonar enn det å lese tradisjonelle fagartiklar, og slik er dei nyttige sjølv når dei er underhaldnings- og opplevingsbaserte.

Døme på film som fremmar kritisk tenking

Når du skal diskutere etiske problemstillingar eller lære om opphavsrett, ytringsfridom, kunstig intelligens eller mediepåverknad, kan film bidra med nye og nyttige perspektiv innanfor temaet.

Døme på ressursar

Lær ved å lage film

Medieproduksjon kan vere ein god læringsmetode, for i mange samanhengar kan du også få god læring gjennom å produsere eigne videoar og filmar. Du må gjere undersøkingar for å setje deg inn i temaet du skal formidle, du må finne deltakarar, og du må utforske kjelder på nett. For å kunne planlegge og setje saman filmen må du forstå det innhaldet du skal formidle. I mange samanhengar er det dessutan viktig å samarbeide med andre for å komme i mål. Samarbeid er i seg sjølv veldig lærerikt.

For å lage film treng du også kunnskap om ulike sider av produksjonsprosessen, slik som å teikne storyboard, skrive manus, gjere opptak og redigere. Du bør også sjå mykje film. Når du til dømes skal lage ein dokumentarfilm, er det ein stor fordel at du har sett ein del dokumentarfilmar. På denne måten vil du lettare kjenne igjen forteljemåten og dramaturgien i sjangeren og kunne bruke dette i eigne produksjonar.

Sjå gjennom filmen og tenk over

Om kva tema og i kva fag kunne du tenke deg å lage film? Kvifor?

Kva tenker du at du kan lære gjennom å lage ein medieproduksjon, som du elles ikkje ville ha lært?

Medieproduksjon som læringsmetode. Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Døme på ressursar

Lær ved å vurdere film

Skal du lære gjennom film, er det også viktig å kunne vurdere filmen og kjenne att kva du kan lære av å sjå han. Er det mellommenneskelege relasjonar som står sentralt? Er det fakta om andre verdskrigen?

Du må også kunne vurdere kor sant og truverdig det som blir fortalt, er. Til dømes hender det at fiksjonsfilm gjer om på sanningar for å kunne fungere som forteljing. Det er også filmar og seriar som ligg i grenseland mellom fiksjon og dokumentar, og då er det ekstra lurt å sjå med eit kritisk blikk.

Det er nyttig å vite kva filmar du kan bruke til å skaffe deg livserfaring, kva du skal bruke som rein underhaldning, og kva filmar som kan gi deg innsikt i og kunnskapar om andre verkelegheiter enn dei du kjenner og har tilgang til. Av og til kan filmar og seriar gi deg litt av alt.

Filmanalyse og kritisk tilnærming

Filmanalyse ei vanleg tilnærming til film i skulen. Tradisjonelt sett har filmanalyse vore brukt i norsk og mediefag for å forstå filmspråket, for å lære oss korleis filmforteljingar er bygde opp, og for å prøve å få tak i kva som er bodskapen i filmen (Braaten & Erstad, 2000).

Filmanalyse er også nyttig som ein kjeldekritisk reiskap. Kva stoler du på og vil ta med deg vidare, og kva går du forbi? Det er nyttige spørsmål å stille seg og lettare å svare på gjennom å analysere filmen. Analysen hjelper deg å avdekke om det er kjensler og innleving filmen presenterer, kalde fakta eller begge delar.

Døme på ressursar

Lær om film og filmhistorie

Filmhistoria består av ulike trendar og epokar. Måten filmar blir laga på, og korleis dei blir fortalde, blir påverka av tidlegare epokar, av straumdrag i samtida og av teknologisk utvikling.

Endring i teknologi har opp gjennom filmhistoria bidrege til å endre filmspråket. Dei første filmane som blei laga, var stumfilmar i svart-kvitt. I nyare tid ser vi at digitalisering og nye spesialeffektar har gitt filmskaparar fleire og meir avanserte visuelle verkemiddel.

Lærer du om film og filmhistorie, lærer du også om kva som påverkar uttrykket i filmar. Det kan vere straumdrag og hendingar i samfunnet filmane blir laga i, og kva slags historier samtida reknar for viktige å fortelje. Slik kan filmar også hjelpe deg til å forstå kulturhistorie og få innsikt i korleis og kvifor verda endrar seg.

Døme på ressursar

NDLA film

På NDLA finn du NDLA film, ei filmteneste med ei rekke læringsressursar som tek utgangspunkt i spelefilmar, seriar, kortfilmar og dokumentarar.

Du blir presentert for heile filmar eller filmklipp, og du får lese artiklar om film og løyse oppgåver knytte til temaet i filmen og til oppbygnaden, forteljeteknikken og den filmhistoriske samanhengen til filmen.

NDLA Film – filmteneste for skulen. Video: Sanden Media AS, Norgesfilm AS, Artpilot / Avgrensa bruksrett

Gå til filmtenesta NDLA film.

Kjelder

Braaten, L. T. & Erstad, O. (2000). Film og pedagogikk: Dialog og refleksjon i møte med film. Norsk filminstitutt.

Erstad, O. (2007). Filmopplevelse og fascinasjon: Mot en tilskuerorientert filmpedagogikk. I O. Erstad & O. Solum (Red.), Følelser for film (s. 159–175). Gyldendal.

Relatert innhald

Fagstoff
Filmar i mediefaga

Her finn du ei oversikt over filmar som er brukte i læringsressursar i NDLAs mediefag.



Skrive av Tina Andersson, Albertine Aaberge og Marthe Moe. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 26.08.2022