Slik analyserer du ein film - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slik analyserer du ein film

Her er ei oppskrift på korleis du gjer ein grundig analyse av ein film. Du kan bruke spørsmåla for å analysere TV-seriar òg.

Filmar og TV-seriar er komplekse medietekstar. I ein analyse er det derfor vanleg å konsentrere seg om nokre hovudspørsmål som du prøver å få svar på.

Kva val har filmprodusentane gjort når det gjeld sjanger, handlingsgang, karakterar, dramaturgi, verkemiddel og bodskap? Du ser også etter samanhengar mellom delar og heilskap.

Vi har organisert spørsmål under seks punkt. Du treng ikkje følgje spørsmåla slavisk. Gjer eit utval som er tilpassa filmen eller TV-serien du har valt å analysere, og problemstillinga du skal svare på.

Moglege studiepunkt i ein filmanalyse

  1. Presentasjon

  2. Plott og miljø

  3. Karakterar

  4. Dramaturgi og forteljeteknikk

  5. Filmatiske verkemiddel

  6. Bodskap

1. Presentasjon
  • Byrje med å oppgi tittel, regissør, distributør, produksjonsland og produksjonsår.
  • Beskriv sjanger og typiske sjangertrekk.

2. Plott og miljø
  • Kvar går handlinga føre seg?
  • Kva tidsperiode er handlinga lagd til?
  • Kva kjenneteiknar miljøet handlinga går føre seg i?
  • Beskriv kort plottet, eller handlingsgangen.
  • Blir handlinga presentert kronologisk eller i form av tilbakeblikk?
  • Går det føre seg fleire samtidige handlingar?

3. Karakterar
  • Beskriv dei viktigaste karakterane. Byrje med hovudpersonane.
  • Korleis er forholdet mellom desse personane?
  • Verkar nokon av desse personane som hjelparar eller motstandarar?
  • Utviklar nokon av personane seg i løpet av forteljinga? Kva er det som får desse personane til å endre seg?
  • Blir nokon av personane framstilte som statiske? Kva slags karaktertrekk har i tilfelle desse personane? Kva rolle speler dei statiske karakterane i forteljinga?
  • Kven i filmen identifiserer vi oss med? Korleis får filmskaparen oss til å identifisere oss med nettopp denne personen, eventuelt desse personane?
4. Dramaturgi og forteljeteknikk
  • Beskriv den/dei viktigaste konflikten/ane i forteljinga. Kven er involverte, og kva består konflikten/ane i?
  • Lag ei skisse der du beskriv spenningsutviklinga, eller dramaturgien.
  • Kva slags stemning møter vi i introduksjonen?
  • Kva for sjangertrekk kjenner vi igjen etter å ha sett introduksjonen?
  • Kva for konflikt(ar) blir introdusert(e) i introduksjonen?
  • Korleis blir vi kjende med karakterane?
  • Kva slags hending set fart i handlinga?
  • Korleis utviklar konflikten/ane seg?
  • I kva for scene når spenninga sitt høgdepunkt?
  • Blir konflikten/ane løyst(e) i løpet av framvisinga, eller held han/dei fram?
  • Blir alle trådane nøsta opp, eller sit du igjen med nokon uavklarte spørsmål?
  • Gir avslutninga uttrykk for ein bestemt moralsk bodskap?

5. Filmatiske verkemiddel
  • Kva kjenneteiknar måten bileta er komponerte på? Kva effekt gir det?
  • Kva kjenneteiknar kameraføringa (køyring, zooming, bevegeleg/handhalde kamera)? Kva effekt gir det?
  • Beskriv typiske trekk ved måten bilete og lyd er klipte saman på. Kva effekt gir det?
  • Beskriv klipperytmen og korleis denne eventuelt endrar seg i bestemde sekvensar. Kva effekt gir det?
  • Er det brukt spesielle symbol i filmen? Kva betydning har i tilfelle desse symbola?
  • Kva slags verkemiddel er brukte for å understreke tidsperiode og miljø i filmen (kostyme, rekvisittar, lyssetjing, kalde og varme fargar osb.)?
  • Beskriv korleis forteljinga blir formidla gjennom bruk av dialogar, monologar og voice over, eller forteljarstemme.
  • Beskriv bruken av diegetisk lyd (dvs. lyd som er til stades i scena), lydeffektar og musikk, og korleis dette skaper stemning og dramatikk.

6. Bodskap
  • Kva vil medieteksten fortelje oss? Ønskjer avsendaren å formidle ein bestemd bodskap?
  • Kva signal gir i tilfelle tittelen om denne bodskapen?
  • Korleis er dei filmatiske verkemidla med på å understreke denne bodskapen?
  • Fortel medieteksten noko om konfliktar og ideologiar i tida og i samfunnet han vart til i?
  • Kva slags innspel gir forteljinga til dagens samfunnsdebatt?
  • Kva tankar sit du igjen med etter å ha sett filmen/serien?

Presentasjon av analysen

Den ferdige analysen kan bli presentert på mange måtar. Du kan skrive ein samanhengande tekst, spele inn analysen i lydformat, eller setje saman tekst, bilete og/eller klipp i ein digital presentasjon eller video.

Relatert innhald

Skrive av Maren Aftret-Sandal, Jon Hoem , Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022