Kontrast og balanse i grafisk design - Kontrast i storleik - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kontrast og balanse i grafisk design

Fagartikkel

Kontrast i storleik

Det finst mange ulike kontrastar. Her skal vi sjå nærmare på kontrastar som bygger på storleik. Ved å bruke desse kontrastane framhever vi det vi ønsker skal få merksemd i designet.

Storleikskontrastar

Eit stort bilete i eit oppslag vil skilje seg ut blant mange små bilete. Mottakaren vil då legge ekstra merke til dette.


Det er ikkje alltid vi treng å gjere eit element stort for at det skal synast. Nokre gonger kan ein liten tekst, eller eit lite bilete, skilje seg ut og vekke merksemd.

Skrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017