Digital dømmekraft

Digital dømmekraft
Du utøver digital dømmekraft når du er bevisst og kritisk til korleis du bruker skjerm og medieinnhald.
Menneskeverd og demokratiske verdiar på nettet
Tek du vare på deg sjølv og andre i sosiale medium? Blir du og andre godt behandla på digitale flater? Er du kritisk til appar og medieinnhald? Følger du lover og reglar? Ytrar du deg til det beste for demokratiet?
Alle menneske skal møtast med respekt, òg på nettet. Vi må kunne skilje mellom sant og usant, respektere andre sine meiningar og delta i den digitale fellesskapen på ein ansvarleg måte. Utøver du god dømmekraft, bidreg du til ein trygg kvardag for deg og andre, og til eit demokratisk samfunn.
Skule og fritid
Lærarane har ansvar for sikre at du bruker digitale verktøy på ein god måte, at du vekslar mellom skjermbaserte og skjermfrie aktivitetar, er kjeldekritisk og bruker KI fornuftig i skulearbeid.
Utanfor skulen må du i større grad utøve digital dømmekraft på eiga hand. I nokre tilfelle er det enkelt, andre gonger er det vanskelegare. For nokre situasjonar må du følge lovverket, i andre tilfelle må du vurdere kva som er rett og gale frå situasjon til situasjon, eller om skjermbruken er bra for deg eller for andre.
Skjermtid og sjølvregulering
Du skal ha det bra på skjerm. Det er i seg sjølv ikkje gale å bruke tid på skjerm, men om konsekvensen er at du gløymer å ete, får for lite søvn eller kjenner mismot, er det tid for å bruke digital dømmekraft.
Set av tid til andre aktivitetar. Legg bort skjermen under måltid, i sosiale lag og i god tid før du legg deg. Bruk appar eller andre teknikkar for å regulere skjermtid.
Døme
Du sit på skjerm om natta med venner frå ulike land. Det går ut over søvn og skulearbeid. Samtidig er det her du blir respektert og kjenner mest tilhøyrsel. Kva gjer du?
Medieinnhald og kjeldekritikk
Kva innhald du vel å bruke tid på, har mykje å seie for kor godt du har det med bruk av skjerm. Tilrådingsalgortimar i sosiale medium og strøymetenester både hektar oss og fangar oss i bobler av lik informasjon. Blir du påverka?
Bruk strategiar for kjeldekritikk: TONE, SUFF eller Stopp, tenk, sjekk. Ver spesielt merksam på innhald som vekker kjensler og handlingsbehov. Få klart for deg kva som er formålet med innhaldet. Følg med på nyheiter frå redaktørstyrte medium og ikkje berre i sosiale medium.
Døme
Du ser ein truverdig video som gjer deg så opprørt at du får lyst til å dele han. Kva gjer du?
Språkbruk
Språkbruk har konsekvensar for korleis vi har det. Bak kvar profil på nettet sit det eit menneske. Korleis verkar språkbruken din inn på sjølvkjensla til andre? Kvar går grensa mellom tull og tøys og mobbing?
Rapporter hatmeldingar og bruk stemma di til å bygge andre opp, òg når du speler dataspel.
Døme
I klassechatten blir ein medelev gjord narr av. Mange seier det berre er humor. Du veit at personen blir såra. Kva gjer du?
Ytringsfridom og medborgarskap
Du har god digital dømmekraft når du bruker stemma di på ein måte som styrker demokratiet. Det handlar om å tore å delta i eit offentleg ordskifte samtidig som du respekterer at ytringsfridommen òg gjeld for dei du er ueinig med.
Ver klar over rolla di som digital medborgar. Søk informasjon frå fleire kjelder, lytt til motargument, og bidra til eit debattklima der fleire tør å seie meininga si. Eit velfungerande demokrati er avhengig av at vi ytrar meiningar slik at dei er forståelege for andre, og at vi lyttar til og prøver å forstå synspunkta til andre.
Døme
Ein medelev publiserer meiningar mange opplever som krenkande. Fleire vil at innlegget blir fjerna. Andre meiner ytringsfridommen må gjelde òg for upopulære meiningar. Kva gjer du?
Persondata
Ta vare på personvernet til deg sjølv og andre, respekter grensene til andre, og beskytt din eigen digitale identitet. Ver klar over at all aktivitet du har på skjerm, etterlet seg digitale spor. For digitale tenester som ikkje kostar pengar, betaler du med personopplysningar og digitale spor som kan seljast vidare og brukast av ein tredjepart.
Ver òg merksam på datasikkerheit. Bruk sterke, unike passord og tofaktorautentisering på viktige kontoar.
Døme
Læraren vil du skal bruke eit digitalt verktøy som skal førebygge mobbing. Verktøyet samlar inn informasjon om elevar. Kva gjer du?
Digital handel
Du har god digital dømmekraft når du handlar trygt på nettet. Influensarar, manipulerande design og algoritmar er mekanismar som påverkar deg til å kjøpe ting på nettet. Blir du behandla med verdigheit? Blir personvernet ditt vareteke? Opplever du å bli lurt, eller er du nøgd? Støttar dei digitale mekanismane opp om menneskeverd?
Ver kritisk til usannsynlege tilbod, beskytt betalingsopplysningane dine, og spør andre om kva kjøpserfaring dei har. Tenk òg over om du treng vara, og ver merksam på at tidsavgrensa tilbod legg press på deg til å handle raskt.
Døme
Du har komme over eit utruleg tilbod på klede frå ein nettbutikk. Samtidig har du høyrt at nettbutikken sel varer som kan vere produserte under dårlege arbeidsforhold. Kva gjer du?
Sentrale fagomgrep
- digital dømmekraft
- evne til å bruke digitale medium og verktøy på ein trygg, kritisk og ansvarleg måte
- demokrati
- ei styreform der dei vaksne innbyggarane i landet vel representantar som skal ha styringsmakt
- menneskeverd
- det at alle menneske har same verdi og rett til respekt; forankra i FNs menneskerettar
- konsekvensetikk
- når du vurderer ei handling utor kva konsekvensar ho får
- pliktetikk
- når du vurderer ei handling ut frå om ho følger reglar og pliktar