Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Utøv digital dømmekraft

Set dykk inn i sentrale fagomgrep og øv dykk på utøve digital dømmekraft.

1. Gjer dykk kjende med omgrep

A. Vel omgrep og forklar for andre

  • Individuelt: Vel totre omgrep blant dei digitale korta under, og set deg ordentleg inn i dei. Kva betyr dei, og finn du nokon døme du kan bruke for å forklare andre kva omgrepet betyr?

  • I par: Beskriv omgrepa du har valt, til makkeren din.

B. Diskuter nytta av omgrepa og forklar kvifor

Jobb i par.

  • Kva for nokre av omgrepa er mest nyttige for dykk når de skal bli bevisste på eigne skjermbrukvanar?

  • Bli einige om fire viktige omgrep og forklar kvifor desse er viktige.

2. Rett eller gale?

Jobb åleine eller to og to. Lag argument med utgangspunkt i spørsmåla under.

  1. For kvart spørsmål vurderer de kva som skal til for at det er rett, og for at det gale. De kan òg finne på eigne spørsmål.

  2. For kvart argument: Vurder kva som styrkar og svekker menneskeverd eller demokratiske verdiar. (Argumentet kan de formulere som følger: Dersom ..., er det rett/gale ..., fordi ...)

Spørsmål

  • Er det rett eller gale av sosiale medieplattformer å bruke algoritmar for å styre innhaldsstraumen (feeden) din?

  • Er det rett eller gale å bruke retusjerte menneske i reklame?

  • Er det rett eller gale å setje 16-årsgrense på sosiale medium?

  • Er det rett eller gale av teknologigigantane å samle persondata frå brukarane sine?

  • Er det rett eller gale av ein venn å dele innlegg med slankeråd vidare?

Døme

Spørsmål: Er det rett eller gale av sosiale medieplattformer å bruke algoritmar for å styre innhaldsstraumen (feeden) din?

Døme på argument: Dersom sosiale medieplattformer bruker algoritmar for å tene pengar, er det gale fordi barn kan bli påverka av innhald retta mot vaksne.

Døme på argument: Dersom sosiale medieplattformer bruker algoritmar for at du skal få ein interessant innhaldsstraum, er det rett fordi det kan styrke rolla di som medborgar, og du vil ta gode val for deg sjølv og demokratiet.

3. Casar: Gi personen namn og lag ein dialog

Jobb i grupper og fordel casane mellom dykk (A, B, C, D og E nedanfor).

  1. Diskuter casen.

  2. Lag ein dialog: Gi personen eit namn og eit liv, og dikt opp ein samtale personen har med nokon, til dømes ein venn eller ein familiemedlem.

    Korleis kan det negative i casen bli snudd til noko positivt til slutt? Dikt opp ein ny positiv situasjon for personen.

4. Sett aldersgrenser for dataspel

De er eit panel sett ned av . Systemet hjelper forbrukarar og foreldre med å ta informerte val når dei skal kjøpe og bruke medieinnhald.

Diskuter og set aldersgrense på dataspel som inneheld

  1. kjøp av innhald med tids- eller mengdeavgrensa tilbod ("Berre 2 timar igjen!", "Berre 50 sverd igjen!")

  2. kjøp av ikkje-bytbare digitale bevis eller blokkjedemekanismar

  3. forundringspakkar du må betale for

  4. mekanismar som påskjønner spelaren for å komme tilbake dagleg

  5. mekanismar som straffar spelarar for ikkje å komme tilbake dagleg

  6. uavgrensa kommunikasjonsmoglegheiter

Fasit

  1. PEGI 12

  2. PEGI 18

  3. PEGI 16

  4. PEGI 7

  5. PEGI 12

  6. PEGI 18

5. Lag eit opplegg for ein 7. klasse

Arbeid i grupper på tre. De skal lage eit opplegg for ein 7. klasse om digital dømmekraft. Vel eitt av temaa frå oppgåve 2 som elevane skal fordjupe seg i. Planlegg ei økt på 45 minutt.

  • De skal introdusere temaet digital dømmekraft.

  • Elevane skal jobbe både individuelt og i grupper.

De kan bruke KI til å sparre med og etter avtale med læraren.

Kjelde

Pan European Game Information. (2026, 12. mars ). PEGI expands age rating criteria with interactive risk categories. https://pegi.info/news/pegi-expands-age-rating-criteria-interactive-risk-categories

Relatert innhald

Digital dømmekraft

Korleis utøver du digital dømmekraft? Om kva lovverk du må følge, og korleis du kan kombinere etiske perspektiv for å løyse dilemma.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 03.03.2026