Stigmatisering av minoritetar i media

Stigmatisering
Stigmatisering betyr å tilleggje menneske som høyrer til ei bestemt gruppe i samfunnet, negative eigenskapar. Minoritetsgrupper er spesielt utsette for stigmatisering, fordi dei representerer noko som er ulikt frå majoriteten i samfunnet, anten det er utsjånad, språk, kultur, funksjonsevne eller legning. Dei er med andre ord ikkje som "oss".
Forsking viser at framstillinga av minoritetar i media ofte er problemorientert. Representantar for ulike minoritetsgrupper blir framstilte som rare, dumme, spesielle, eksotiske eller farlege.
Men media kan òg hamne i den andre grøfta og omtale minoritetar som hjelpelause offer som vi bør synast synd på. Begge delar er stigmatiserande.
Er alle samar idiotar?

Måten urfolk er representerte på i media, speglar fordommar mot urfolk verda over, anten det dreier seg om samar, inuittar, nordamerikanske urfolk (Native Americans), eller aboriginar.
Historisk blei dei kalla "primitive folkeslag" eller "naturfolk". Slike førestillingar pregar til ei viss grad framleis media si framstilling av urfolk.
I 2012 tok kommunikasjonsrådgivar og bloggar Pål Hivand (Kvernmo, 2012) eit oppgjer med Medie-Noreg, som han meinte framstilte samane som idiotar, eller enkle, litt dumme urmenn som ikkje forstår seg på noko.
– Det er enkelt å lage en "god sak" på, det skaper gjenkjennelse, det er leservennlig, konfliktorientert og gjør stort sett samen til "idioten" – altså noe de fleste kan kjenne igjen i egne fordommer og det dreier som regel ikke om det som er selve saken – i dette tilfellet "uniformen".
Motpolen er dei "superkorrekte" media. Nokon har spøkefullt sagt at NRK alltid sørgjer for å ha ein same, ein homofil og ein farga person med i alle musikkonkurransar.

I podkasten nedanfor samtaler programleiar Sarah Natasha Melbye med førsteamanuensis Jens Barland og den samiske komikaren Trine Lise Olsen om korleis samar er representerte i norske medium i dag.
Korleis urfolk blir framstilte i norske nyheitsmedium
I podkasten samtaler programleiar Sarah Natasha Melbye med førsteamanuensis Jens Barland og den samiske komikaren Trine Lise Olsen om korleis samar er representerte i norske medium i dag.
Tekstversjon
Deltakarar:Sarah Natasha Melbye – ProgramleiarJens Barland – JBTrine Lise Olsen – TLO
Samar i dagens samfunn
Programleiar: I Noreg finst det rundt 40 000 samar, nokre tusen fleire enn det er innbyggjarar i Porsgrunn kommune, der eg kjem frå. Men eg, Sarah Natasha Melbye, har aldri opplevd at folk meiner å vite korleis eg er, når dei høyrer kvar eg kjem frå. Eg har aldri høyrt Porsgrunn-folk beskrivne som ei homogen gruppe der alle er på ein bestemt måte.
Kvifor blir det opplevd annleis med den samiske befolkninga i Noreg? Korleis blir urfolk framstilte i norske medium, og kva konsekvensar får det? Det skal vi prøve å finne ut av i dag.
Vi skal snart snakke med ei som har tøyst mykje med samar frå scena, før ho plutseleg fann ut at ho er same sjølv. Men først: Jens Barland, medieforskar og instituttleiar ved Høyskolen Kristiania. Korleis synest du urfolk blir presenterte i norske medium i dag?
JB: Eg synest at urfolk blir presenterte som stereotypiar. Det kan anten vere veldig eksotisk og litt "eventyrorientert", som stammefolk langt inne i jungelen, eller som "røvarpakk" og romfolk som vi er redde for – kanskje nokon som lever eit eksotisk liv med reinsdyra sine på vidda.
Programleiar: Kva er konsekvensane av at media teiknar eit sånt bilete av samar?
JB: Konsekvensen er at vi får eit inntrykk av at det er ei folkegruppe som ikkje er som andre menneske, som ikkje er som oss. Eg høyrer til majoritetsbefolkninga, ein vanleg, kvit, etnisk nordmann, godt vaksen. Og vi dominerer i samfunnet vårt. Når nokon blir pakka inn i stereotypiar, vil eg i møte med dei lett kunne tenkje at dei ikkje er eit fullstendig menneske som meg – at dei ikkje har den same kunnskapen, dei har berre sin eigen. Risikoen er at dei blir oppfatta som "annanrangs".
Programleiar: Vi har snakka om korleis urfolk, også samar, som vi snakkar om i dag, blir presenterte i media. Noko anna er korleis dei blir representerte. Korleis står det til der?
JB: Viss du ser på det norske medielandskapet, ser du at det er vanlege etniske nordmenn som også dominerer i media – alle som gir ut avisene, kven som jobbar i redaksjonen, og kven som er i leiinga. Både samar og andre minoritetar er veldig marginalt representerte, både blant dei som jobbar der, dei som synest der, og dei som høyrest der. Det betyr at all logikk som blir lagd til grunn for medieinnhald og nyheitsformidling, ligg i den dominerande etnisiteten.
I NRK har ein eige samisk innhald. Dei har òg innhald for spesifikke minoritetar, og nokre minoritetar har sine eigne medieorgan. Men i den store totaliteten blir det veldig marginalt.
Programleiar: Korleis er det å vekse opp då, å vere ung same i dag? Betyr det at ein ikkje har dei same førebileta, dei same å sjå opp til eller strekkje seg etter, som det andre har?
JB: Når det gjeld den delen av spørsmålet ditt som handlar om kva førebilete dei får, er det heilt riktig som du seier, at ein får ei stor mengd førebilete, ideal og logikkar som høyrer til den dominerande etnisiteten. Viss du følgjer nøye med på NRK, som er ein stor og viktig medieaktør i Noreg, ser du at dei tek seg saman og jobbar aktivt for å få fram ulike etniske utrykk, sånn at når dei har musikkonkurranse, er det òg nokon som syng samisk musikk. Også andre etniske musikkvariantar får vere godt til stades. Eg seier ikkje at det er borte, men vi ser kva som er dominerande, og kva som gir dei viktigaste førebileta.
Programleiar: No har vi fått besøk av Trine Lise Olsen, komikar og same. Velkomen!
TLO: Tusen takk!
Programleiar: Er det greitt å introdusere deg sånn, å seie at "dette er Trine Lise, ho er same"?
TLO: Ja, det er jo berre fint. Eg er stolt av å vere samisk, så det er berre fint.
Programleiar: Men når går ein sånn type introduksjon frå å vere noko hyggjeleg til å vere nedsetjande?
TLO: Det kjem an på. No veit eg at intensjonen din er god, då veit eg at eg er i trygge hender, og eg har litt meir opne armar – er litt meir raus. Det er noko anna med ein gong eg merkar at intensjonen er negativ. Alt handlar om korleis ein bruker ordet, og no har jo du berre vore informativ.
Programleiar: Møter du mange fordommar?
TLO: Eg har nok ikkje gjort det, men eg voks heller ikkje opp i ein samisk heim. Eg har oppdaga seint i livet at eg er same, fordi eg var fosterbarn og ikkje hadde heilt mi eiga historie. Men ein legg merke til kor mykje diskriminering det er, etter kvart som åra går – og kor mykje negativitet det er rundt vår eiga urbefolkning, noko eg synest er ekstremt trist.
Programleiar: Eg vil berre ta tak i litt av det du du sa først – korleis var det for deg å oppdage ein så stor del av deg sjølv, identiteten din, seint i livet?
TLO: Det var første gong eg fekk vite noko om meg sjølv som eg kunne velje. Dette kunne eg anten ta til meg eller late vere. Det var opp til meg sjølv, og eg fekk lov til å bestemme noko om mitt eige liv. Det blei så stort for meg. Og så har eg alltid vore dregen mot det samiske. Eg har elska Mari Boine heile livet mitt, og synest det har vore spennande – spesielt etter utdanninga mi på høgskulen her i Oslo, der den samiske kulturen var pensum i førskulelærarutdanninga. Då fekk eg lære så mykje anna enn dei negative haldningane som eg opplevde då eg voks opp i Finnmark.
Programleiar: Ja, for då var det mykje negativt?
TLO: Når ein snakka om samane då eg voks opp, var det sånn: "Ja, dei skal ha så mykje. Det er statsstøtte, det er erstatning, det er område." Samar skulle ha. Ein kalla dei ofte supersamar, dei som var så nøye på alt og beskytta kulturen sin veldig. No skjøner eg sjølvsagt at ein skal gjere det. Sjølvsagt skal ein bry seg om og verne kulturen sin. Og eg synest det er veldig interessant og litt sårt akkurat no i pandemitida å tenkje på kor mykje narr ein har gjort av samar fordi dei har fått erstatningar eller søkt statsstøtte. For kvifor gjer ein det? Det har fordi noko har blitt teke frå deg. Du mister eit livsgrunnlag. Det ser vi no, når folk mister jobbane og ein må søkje støtte for å kome seg gjennom kvardagen. Dette har sørsamane kjempa for i over 55 år. Ingen har brydd seg, alle har berre gjort narr av det. Gud, kor trist!
Eg har òg gjort det, i humoren min. Eg hadde ein sketsj der eg snakka om: "Ja, her voks vi opp med Monte-Sami-pedagogikken. Lær å søkje støtte og erstatning frå ung alder."
Programleiar: Altså, "Monte-Sami"?
TLO: Ja, det er basert på Montessori-pedagogikken og samisk, altså Monte-Sami.
Programleiar: Det at du som komikar har tøyst med sånne ting sjølv. Kva tenkjer du om det no?
TLO: Eg tenkjer at eg står inne for det, for eg visste ikkje betre. "OK, der var vi før, men no har eg lært noko." Ein kan ikkje slette alt ein har gjort, ein må sjå at ein har blitt betre, at ein har blitt klokare. No veit vi meir. Og då endrar humoren seg òg, då må ein bli smartare viss ein skal "ta nokon". I staden for å gjere narr av erstatningskrav og støtte, så kanskje vi skulle "teke" makta – altså regjeringa? Kvifor tek dei vekk mark og skog og landområde, kvifor øydelegg dei naturen for å selje kraft og straum og elvane våre til Tyskland, når vi kan ta vare på vårt eige land og utnytte våre eigne ressursar?
Programleiar: Kva tenkjer du om korleis media har framstilt den samiske befolkninga?
TLO: Media gjer det svart-kvitt, sånn at vi skal meine det eine og det andre – klikk-saker, ikkje sant? Der har samar vore veldig utsette i all tid, synest eg. Det er så trist. Til og med eg, som er samisk og har vakse opp i Finnmark, har hatt ei negativ haldning til samane.
Programleiar: Ein ting er korleis det påverkar oss og den oppfatninga vihar av samar i Noreg, men kva slags konsekvensar trur du det får for unge samar – altså sjølvbiletet til samar?
TLO: Eg håper og trur at det er betre no, fordi vi har fått fram ei stoltheit. Spesielt kufta har blitt eit statussymbol. Du ser at folk synest det er finare og er stoltare av å vise det. Men alt handlar om å seie frå, du vil kanskje ikkje bli sett i bås: "Ja, eg er samisk, men eg meiner ikkje det dei andre meiner, altså, eg er ikkje reindriftssame."
Programleiar: Du har i det offentlege hatt ei ganske tydeleg stemme etter kvart. Du legg ut bilete av deg sjølv i kufte, og snakkar ganske mykje om dette. Kor mykje har du kjempa med: "Er eg nok same? Kor høgt kan eg rope?"
TLO: Eg hadde jo ein karakter som heitte Anne Berit Balto, som var det første offentlege eg gjorde på TV av humorkarakter og stand-up. Eg har alltid blitt stilt spørsmål om kva ho står for. Folk trur ho er ein "dum same", men det stemmer ikkje. Eg merkar at ho har forandra seg frå starten. Eg har sett den første auditionen, og det er nokre ting eg sa då som eg ikkje ville sagt no.
Programleiar: Har du nokre døme på det?
TLO: Ja, til dømes det med ganding. Ikkje alle samar kan gande, ganding er jo å vere sjaman eller at ein har fleire evner enn alle andre. Vi samar er ikkje eit magisk folk, vi er berre menneske. Som med alle andre menneske er det nokre som har fleire evner eller meir kontakt. Om ein trur på det eller ikkje, er det der det kjem frå – å kaste trolldom over nokon, og sånn. Eg ville ikkje brukt det på den måten, for no veit eg betre.
Programleiar: Du ville ikkje tøyst med det på same måte?
TLO: Nei, eg ville ikkje tøyst med det. Det er ikkje sånn at vi går og kastar det rundt. "Å, no vil eg vinne ein fotballkamp, så då berre kastar eg litt trolldom over foten." Det gjorde litt vondt i magen. Eg liker òg at eg blir klokare. Eg liker at eg har lært meir om min eigen kultur.
Programleiar: Du er sjølv eit førebilete for mange. Kva tenkjer du om det i Noreg i dag, korleis er den samiske befolkninga representert? Eg tenkjer på i TV-seriar, i musikk, underhaldningsprogram … Har du førebilete? Kven ser du opp til?
TLO: Eg har alltid sett opp til Mari Boine, fordi ho var åleine. No står vi jo fleire saman – til dømes Ella Marie, som vann Idol og no er masse i media og speler i Isák. Samisk musikk har eksplodert, og det finst eigne spelelister på Spotify – det er ikkje berre den tradisjonelle joiken. Det har nok òg vore vanskeleg for samane som har tvihalde på sin eigen kultur. Det gjeld kufta, musikken, kunsten og alt anna. No blomstrar det! Det blir meir moderne, det er meir ute i verda. Det er så mykje fint, og eg elskar jo handverket, "duodji", som ein kallar det på samisk – samisk handverk.
Det store samiske førebiletet mitt er nok Mari Boine. Eg blir rørt av å snakke om det, for eg tenkjer på kor utruleg "kjipt" det må ha vore i starten å vere heilt åleine. Ho song jo "høge herre langt der nede i Oslo … sjå oss og høyr oss", og så var ho heilt åleine. Mens no er vi fleire, og ho heiar på alle som kjem etter og held fram kampen hennar. Ho er framleis med, og ho er den store.
Programleiar: Ho har bana veg for mange?
TLO: Ja, ho har bana veg.Programleiar: Synest du det er nok representasjon av samisk befolkning i norsk underhaldning, norske medium?
TLO: No er det nesten sånn at ein på kvar realityserie skal ha ein homofil og ein same, og ein eller to med mørk hud. Då er "casten" sett.
Programleiar: Kva veg har vi å gå? Og kjem vi i det heile til å kome i mål?
TLO: Det er det store spørsmålet. Vi har hatt mange år med rasisme, og vi er enno ikkje i mål. Eg håper at vi ikkje går i ring, men held fram med å gå framover. Eg føler ungdommane som veks opp no, er så bevisste – og merksame, interesserte og engasjerte. Eg føler det er ei ny bølgje av folk som verkeleg vil ta over arven. Mykje av den gamle skamma og dei gamle haldningane døyr ut med dei eldste no, håper eg. Så kjem det ein ny giv. Når dei yngre er stolte over noko du har skamma deg over, så tenkjer du at det kanskje ikkje er så ille å vere same. Eg føler vi går riktig veg.
Programleiar: Då skal vi slutte som vi starta. Veldig hyggjeleg å ha deg her, Trine Lise Olsen – komikar og same.
TLO: Yes! Tusen takk.
Konfliktar pregar nyheitsdekninga av samiske saker
Professor Eli Skogerbø ved Universitetet i Oslo står bak forskingsartikkelen Konflikt eller kuriosa (Skogerbø, 2000). Der skriv ho at det i skandinaviske studiar er ein tendens til at minoritetar blir marginaliserte og presenterte mindre nyansert enn majoritetsbefolkninga. Ho skriv dessutan at biletet som blir presentert, inneheld fleire klisjear og fleire stereotypiar.
Ho meiner likevel det er ein forskjell mellom framstillinga av den samiske urbefolkninga og innvandrarar frå ikkje-europeiske land. Nyheitssaker i norske medium som handlar om den samiske befolkninga, dreier seg ofte om to konfliktlinjer i forholdet mellom den norske majoritetsbefolkninga og den samiske urbefolkninga:
- natur kontra kultur
- modernitet kontra tradisjon
Det er spesielt avisene i Finnmark som dekkjer slike saker. Dei får vanlegvis lita merksemd i riksmedia.
Minoritetspersonar kjem sjeldan sjølv til orde
Minoritetar kjem sjeldan sjølv til orde i media. Derfor er dei ekstra sårbare for korleis dei blir omtalte av andre.
Integrerings- og mangfaldsdepartementet (IMDI) si undersøking Innvandring og integrering i norske medium 2017 viste følgjande:
- Personar med innvandrarbakgrunn kom til orde i 2 prosent av alle medieoppslaga (11 988 artiklar) i utvalet i 2017. Dette var likt som i 2009, 2011 og 2014. Mens innvandrardelen i befolkninga steig, var representasjonen i media altså konstant.
- I medieoppslag om innvandrarrelaterte tema (520 artiklar) var personar med innvandrarbakgrunn kjelde i eitt av seks oppslag.
- Når personar med innvandrarbakgrunn blei intervjua, blei det opplyst om den etniske bakgrunnen til personen i éin av fire artiklar.
- Viss vi samanliknar 2017 med 2014, auka delen oppslag med problemperspektiv, mens delen med ressursperspektiv gjekk ned.
Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at berre fire innvandrarar hadde hovudroller i dei 183 filmane som blei produserte i Noreg i perioden 2013–2018. Seks innvandrarar hadde biroller. Norskfødde med innvandrarforeldre var betre representerte.
NRK er blant dei mediebedriftene som dei siste åra bevisst har valt å gjere noko med dette, både ved å velje nyheitsanker og programleiarar med innvandrarbakgrunn og ved å tilby sentrale roller i TV-seriar til ikkje-etniske nordmenn.

Stigmatisering av asylsøkjarar
Asylsøkjarar er ei gruppe som har vore spesielt utsett for stigmatisering som følgje av steile frontar i norsk innvandrardebatt. Mange mistenkjer dei for å vere lykkejegerar, kriminelle eller snyltarar på det norske velferdssamfunnet.
Innslaget frå Dagsrevyen som blir omtalt i undervisningsvideoen nedanfor, baserte seg på ein rapport frå Oslo-politiet frå mai 2011: Voldtekt i den globale byen. Rapporten skapte store overskrifter i mange norske aviser, som utan å undersøkje nærare gav asylsøkjarar ansvaret for overfallsvaldtektene i hovudstaden.
Direktøren for UDI, Ida Børresen, åtvara om at slike medieoppslag er med på å stigmatisere alle asylsøkjarar som potensielle valdtektsmenn.
– At flertallet av gjerningspersonene beskrives som ikke-nordiske, betyr ikke at de er asylsøkere. I det hele tatt er det en tendens til å snakke om asylsøkere og kriminelle i samme åndedrett. Det er veldig bekymringsfullt, sier Børresen til VG.
Overskrifter som sel
Ei viktig side av samfunnsansvaret til media er å formidle fakta, også når det gjeld forhold som det er ubehageleg å snakke om. Menneske som høyrer til minoritetsgrupper, må tole kritisk søkjelys frå media, på same måte som majoritetsbefolkninga.
Det er likevel mange måtar å formulere ein bodskap på. I avisoverskrifter og introduksjonar til nyheitssendingar på radio og TV er media opptekne av å fange merksemda til mottakarane. Då er det viktig å spisse formuleringane slik at det oppsiktsvekkjande i saka kjem tydeleg fram, og det er freistande å spele på fordommar.
Dei fleste som uttaler seg til media, viser til at saka har fleire sider. Men moderate utsegner er eit dårleg blikkfang. Derfor er det lett for journalisten å utelate modererande informasjon, eller skyve han lenger bakover i nyheitsforteljinga.
Viktige omgrep
- stigmatisering
- problemorientert
- stereotypi
- klisjé
- asylsøkjar
Kjelder
Skogbø, E. (2000). Konflikt eller kuriosa. Researchgate.net. Henta 14. april 2021 frå https://www.researchgate.net/publication/286926545_konflikt_eller_kuriosa_om_representasjon_av_den_samiske_minoriteten_i_majoritetsmedier_i_norge_2000, Utgiver: Researchgate.net
Kvernmo, L.J. (2012). Media fremstiller samer som idioter. nrk.no. Henta 14. januar 2021 frå https://www.nrk.no/sapmi/media-fremstiller-samer-som-idioter-1.8311301
IMDI. (2018). Innvandring og integrering i norske medier 2017. Henta 14. januar 2021 frå https://www.imdi.no/arkiv/arkiverte-publikasjoner/innvandring-og-integrering-i-norske-medier-2017/