Oppgåve
Undersøk og presenter politisk kommunikasjon i sosiale medium
I denne oppgåva skal du undersøkje korleis eit politisk parti vel å kommunisere i sosiale medium.

Samarbeid gjerne med ein medelev om å løyse denne oppgåva.
Oppgåve 1. Vel eit av dei politiske partia i Noreg
Det kan vere Høgre, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti, Raudt eller Demokratane.
Ta utgangspunkt i dei seks funksjonane som politisk kommunikasjon kan ha:
- informasjon
- kommunikasjon
- marknadsføring
- mobilisering
- setje dagsorden
- kritikk
Oppgåve 2. Analyser den politiske kommunikasjonen
Gå gjennom den politiske kommunikasjonen som partiet har stått for i sosiale medium den siste tida. Bruk kommunikasjonsmodellar.
- Finn døme på kvar av dei seks funksjonane.
- Analyser og diskuter korleis kommunikasjonen rettar seg mot bestemte målgrupper.
Oppgåve 3. Presenter resultatet for resten av klassen
Fortel resten av klassen kva de har funne ut.
Relatert innhald
Sosiale medium i den politiske offentlegheita
Korleis bruker dei politiske aktørane sosiale medium? Og kven har mest å vinne på å bruke sosiale medium politisk?