Pressefridommens kår i verda - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Pressefridommens kår i verda

Organisasjonen Reportere uten grenser rapporterer årleg om overgrep mot journalistar. Organisasjonen står bak pressefridomsindeksen, som gir eit bilete av forholda for pressefridommen i verda. I denne oppgåva skal du sjå nærare på pressefridommens kår i ulike land i verda.

1. Studer pressefridomsindeksen til Reportere uten grenser

Gå saman to og to. Sjå på rangeringa av dei ulike landa, og svar på desse spørsmåla:

  1. Kvar på lista er Noreg? Kva meiner de om denne plasseringa?
  2. Kva land finn de på midten av lista? Er nokon av funna overraskande?
  3. I kva land er det mest risikabelt å vere journalist no?
  4. Kvifor er det risikabelt å vere journalist i dette landet?
  5. Kor mange journalistar blei drepne i verda det siste året?
  6. Kvifor er det viktig å setje fokus på pressefridommens kår i ulike land i verda?

2. Individuell oppgåve: Lag ein digital presentasjon

Ta for deg to ulike land på pressefridomsindeksen. Vel eitt land som er blant dei fem øvste på lista, og eitt land som ligg på ein av dei fem nedste plassane. Gjer research. Klikk deg inn på dei aktuelle landa, og vel funksjonen "Find out more". Undersøk òg andre sikre kjelder.

I presentasjonen av dei to landa skal du gå inn på desse punkta:

  • rangering på indeksen
  • mangfald av presse i landet
  • arbeidsforhold for journalistar
  • utbreiing av vald og overgrep mot journalistar
  • styresett i det aktuelle landet
  • døme på journalistisk arbeid frå det aktuelle landet

Hald presentasjonen for resten av klassen.


Relatert innhald



Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021