Vaktbikkje for eliten eller folk flest? - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vaktbikkje for eliten eller folk flest?

Lèt media seg bruke av eliten, eller beskyttar dei i hovudsak vanlege folk mot maktovergrep? Og finst det tilfelle der media heller bør støtte enn kritisere styresmaktene?

I Ver varsam-plakaten § 1.5 heiter det:

Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

Oppgåve 1. Media si rolle i NAV-skandalen i 2019

I 2019 blei det avdekt at NAV, på feilaktig grunnlag, hadde bede påtalemaktene straffeforfølgje personar dei meinte urettmessig hadde opphalde seg i utlandet mens dei fekk stønad. Skandalen ramma både dei statsrådane som hadde medverka til feil fortolking av lova, og dei domstolane som hadde dømt personar på feil grunnlag.

Men kvifor hadde ikkje media avdekt styresmaktene sitt maktovergrep mot enkeltpersonar?

  1. Les Sven Egil Omdal sin mediekommentar Vaktbikkje for hvem? Kva moment trekkjer Omdal fram som forklaring på kvifor media var så ettergivande i NAV-skandalen?

  2. Kjenne du til saker der media på eit tidleg tidspunkt har klart å avdekkje og forhindre maktmisbruk mot enkeltpersonar?
  3. Kva kjelder støtta media seg til då?
  4. Kvifor er det viktig for demokratiet at media lyttar til og nyttar mange ulike kjelder?

Oppgåve 2. Media si rolle under covid 19-pandemien

Les Sven Egil Omdal sin mediekommentar Pressens plass i viruskrigen.

Diskuter i klassen:

  • Kor kritisk bør media vere til styresmaktene sine avgjerder under ein pandemi?
  • Kva tel mest i slike situasjonar: å støtte fridommen til enkeltmenneske og avdekkje uheldige konsekvensar av inngrep frå styresmaktene si side, eller å støtte retten styresmaktene har til å verne næringsliv og viktige samfunnsinstitusjonar?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Vaktbikkje for hvem?

Bortsett fra en og annen enslig jurist, er alle statsmaktene skyldige i NAV-skandalen, inkludert den som skulle passe på de andre.

Kjeldemateriale
Pressens plass i viruskrigen

Årets konferanse for den kritiske og undersøkende presse er avlyst. Debatten om hvor kritisk pressen bør være, er det ingen grunn til å stanse.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021