Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Vurder den universelle utforminga på skulen

Korleis er den universelle utforminga gjennomført i den bygningen skulen din held til i? I denne oppgåva skal du registrere kva som allereie er på plass, og kva som manglar for at skulen din skal vere brukarvennleg for alle.

Alle kan oppleve funksjonsnedsetjingar

Funksjonsnedsetjingar som krev spesiell tilrettelegging, kan vere sansetap, som dårlegare syn og høyrsel, nedsett rørsleevne, til dømes lamming, eller kognitive utfordringar. Vi kan alle oppleve å bli funksjonhindra, i ulike situasjonar og i ulike fasar av livet.

Film: Universell utforming: 20 sjekkpunkt

Sjå filmen (lengde 6:57) med 20 punkt som kan brukast for å kartlegge universell utforming av skular.

Transkripsjon av forteljarstemma i filmen

I Sørheim kommune er ein oppteken av at alle menneske skal ha like rettar. Ikkje minst gjeld dette barn og unge. Det vart derfor bestemt at alle skulane i kommunen skulle kartleggast og utbetrast med tanke på universell utforming, slik at alle barna der fekk dei same moglegheitene.

I denne filmen skal du få møte elevane Ole og Kaja, som har nokre utfordringar i kvardagen. Men når skulen deira no har blitt universelt utforma, kan dei delta på lik linje med alle andre. Vi skal no gå gjennom dei 20 sjekkpunkta som vart brukte då skulen deira vart kartlagd.

Ole sit i rullestol og har skuleskyss kvar dag på same måte som mange av dei andre barna.

Tidlegare var det vanskeleg for taxien hans å parkere slik at Ole kunne komme seg ut av bilen, fordi HC-parkeringa var så smal eller fordi taxien risikerte å sperre for all annan trafikk. No har HC-parkeringa blitt breiare og flytta nærmare hovudinngangen, slik at det er kort veg for Ole å komme seg frå bilen og inn på skulen.

Før kunne ikkje Ole komme seg inn i sjølve skulen på eigenhand. Dette vart løyst ved å heve heile skuleplassen, slik at det har blitt trinnfritt heilt fram til inngangen.

Etter kartlegginga vart det òg sett inn automatiske døropnarar og gode breie dører slik at Ole enkelt kjem seg inn.

Men det er ikkje berre barna og dei tilsette som beveger seg på skuleområdet. For føresette og andre som besøker skulen, har det mykje å seie at administrasjonen er plassert slik at han er enkel å finne fram til. Det skal òg vere tydelege skilt som viser kvar administrasjonen er.

Kaja går òg på Sørby barneskule. Ho har ei synshemming. Når Kaja beveger seg på kjende plassar, treng ho ikkje å bruke mobilitetsstokken sin.

Tidlegare var det glasvegger på skulen som var vanskeleg for Kaja å sjå, og som gjorde skulekvardagen utrygg for henne. No er desse belagde med tydelege glasmarkeringar som gjer det enklare for Kaja og andre å unngå uheldige samanstøytar.

Tidlegare stod det blomsterkassar, møbel og avfallsboksar i gangane på skulen som Kaja kunne snuble i, men dette er no teke bort. Kaja er òg glad for at det er brukt ulike typar golvbelegg for gangsone og møbleringssone, slik at det er enklare for henne å sjå kvar ho kan gå trygt.

På skulen er det ikkje så mange leielinjer anna enn frå inngangen og til administrasjonen som ligg like ved. Å finne fram i gangane gjer Kaja nemleg like lett ved at det er god kontrast mellom golvet og veggen og mellom dørene og veggen. At det er god og rett belysning i både klasserom og i gangane gjer det òg lettare for Kaja å bevege seg som dei andre.

Når Kaja av og til blir litt usikker på kvar ho er, ser og kjenner ho berre på eit av dei mange skilta på skulen som viser veg. Skilta er taktile og lette å finne. Det er viktig at skilta har standardpiktogram som alle forstår betydninga av.

Kaja har lyst til å springe i trappa saman med klassevenninnene når dei skal ut i friminutt. Handløparen som følger trappeløpet og dei markerte trappenasane, gjer det ekstra trygt for henne.

Når Ole må på toalettet i løpet av skuledagen, må han gå gjennom fleire tunge dører. Desse har no fått automatiske døropnarar og har blitt terskelfrie, noko som gjer det enklare for Ole å komme seg fram utan hjelp. Han må òg flytte seg mellom etasjane. Sidan skulen har installert ny heis i staden for løfteplattform, går dette mykje raskare og meir smidig for Ole. Han slepp å bekymre seg for å få dårleg tid.

Ole synest det er fint med HC-toalett, slik at han kan bruke den tida han treng, når han er på do. Det er viktig for Ole at alt utstyret er montert rett og i rett høgde for at han skal kunne bruke det åleine.

Når heile skulen er samla i amfiet, kan Ole sitje saman med alle dei andre; integrert plass for rullestol hugsa dei heldigvis på då dei bestilte amfiet. For å komme seg til gymsalen bruker Ole ei lang innandørs rampe som er så slak at han fint klarer å komme seg både opp og ned utan hjelp.

Mange av elevane på skulen har allergiar eller astma. God reingjering og rett ventilasjon er derfor viktig.

På skulen er det alltid elevar som har utfordringar med høyrsel og konsentrasjon. I alle klasseromma på skulen er det montert lydabsorbentar i taket og på veggene som dempar støy og gjer det lettare å oppfatte det som blir sagt, og å følge med på undervisninga.

Det er tid for sommaravslutning, og Oles besteforeldre besøker skulen for første gong. Når dei har parkert, blir dei usikre på kvar dei finn gymsalen, men dei får raskt auge på eit skilt som viser kvar dei er, og kvar gymsalen ligg. Både for besteforeldre og andre er det godt å sleppe å gå rundt og leite etter inngangen til gymsalen.

På Sørby skule har alle barn like rettar og moglegheiter. Kva kan skulen eller kommunen din gjere for å skape inkludering og auka kvalitet for alle?

Mange av desse punkta som handlar om universell utforming, er ikkje berre nødvendige for Ole og Kaja. Dei er faktisk viktige for alle som jobbar på eller besøker skulen. Han fungerer både som nærmiljøsenter, treningsarena og til dømes vallokale.

Universell utforming: nødvendig for nokre, bra for alle.

Dei 20 sjekkpunkta i filmen

  1. HC-parkering

  2. Tilkomst

  3. Inngangsparti

  4. Administrasjon nær inngang

  5. Markering av glassflater

  6. Orienterbarheit og møblering

  7. Leielinjer

  8. Kommunikasjonsvegar

  9. Belysning

  10. Skilting og piktogram

  11. Trapper inne

  12. Dører

  13. Heisar og løfteplattformer

  14. HC-toalett

  15. Integrert plass i amfi

  16. Ramper inne

  17. Inneklima

  18. Astma og allergiar

  19. Lyd, etterklang og støy

  20. Skilting utandørs

Sjekk løysingar for universell utforming på skulen din

  1. Set opp ei liste over ulike former for funksjonsnedsetjingar. Det kan vere både midlertidige og varige funksjonsnedsetjingar.
  2. Ta utgangspunkt i ei bestemd funksjonsnedsetjing. Gå rundt på skulen din og vurder i kva grad det fysiske miljøet er utforma for denne funksjonsnedsetjinga. Merk deg at val av fargar, merking og skilting i bygg er rekna som universell utforming. Slike løysningar blir utarbeidde av grafisk designarar.

    • Er alle trinna i trappene markerte?

    • Angir heisen kva etasje du er i, i tekst og tale?

    • Er glasfelt og søyler markerte?

    • Er nødvendig informasjon for orientering gitt, og er kommunikasjonsvegar skilta?

    • Er skilt lette å lese og forstå?

    • Er skilta taktile? (Kan ein med andre ord få informasjon ved å røre ved dei?)

    • Finst det andre løysingar eller hindringar?

Skrive av Johannes Leiknes Nag og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 05.03.2026