Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Læringssti

Lag ei nyheitssak om universell utforming

Laga av Johannes Leiknes Nag og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 24.10.2022
Oppgåve

Lag ei nyheitssak om skule og universell utforming

Universell utforming er grunnleggande når offentlege og private verksemder skal legge til rette for brukarane sine. Er skulen din god på universell utforming?

Steg 1: Gjer research

A. Les om universell utforming og sjå film

  • Les fagartikkelen om universell utforming og bit deg særleg merke i kva universell utforming er, og kvifor det er viktig.

  • Sjå filmen om Vetle som sit i rullestol og fortel om . Han viser oss òg korleis den vidaregåande skulen hans tek omsyn til universell utforming og individuell tilrettelegging. Notar ned døma han viser fram.

Fagartikkel: Universell utforming av fysiske omgivnader og digitale løysingar

B. Skaff kjelder

Skaff deg kjelder til saka og førebu ei journalistisk nyheitssak om universell utforming på skulen din. Her er nokre forslag:

Steg 2: Utforsk og studer omgivnader og nettstad

Utforsk og studer dei fysiske omgivnadene og nettsidene til skulen din.

  1. Korleis er den universelle utforminga på skulen din?

  2. Kva utfordringar og manglar finn du?

  3. Finn personar med redusert funksjonsevne som kan teste ut fasilitetar og tenester. Gjer intervju.

  4. Korleis kan ei nyheitssak vinklast?

Tips 1: Vurder den fysiske universelle utforminga på skulen

  1. Set opp ei liste over ulike former for funksjonsnedsetjingar. Det kan vere både midlertidige og varige funksjonsnedsetjingar.
  2. Ta utgangspunkt i ei bestemd funksjonsnedsetjing. Gå rundt på skulen din og vurder i kva grad det fysiske miljøet er utforma for denne funksjonsnedsetjinga. Merk deg at val av fargar, merking og skilting i bygg er rekna som universell utforming. Slike løysningar blir utarbeidde av grafisk designarar.

Sjekkliste for moglege løysingar på universell utforming:

  • Er alle trinna i trappene markerte?
  • Angir heisen kva etasje du er i, i tekst og tale?
  • Er glasfelt og søyler markerte?
  • Er nødvendig informasjon for orientering gitt, og er kommunikasjonsvegar skilta?
  • Er skilt lette å lese og forstå?
  • Er skilta taktile? (Kan ein med andre ord få informasjon ved å røre ved dei?)
  • Finst det andre løysingar eller hindringar?

Tips 2: Vurder den universelle utforminga på nettsidene til skulen

  1. Prøv å navigere på nettsida utan mus, altså ved hjelp av tabulatortasten. Korleis fungerer det?
  2. Kva skjer når du forstørrar nettsida? Fører det til skrolling? Blir teksten kornete?
  3. Slå på skjermopplesing og høyr om det gir meining. Innebygde skjermlesarar for Apple-produkt heiter Voiceover, i Windows heiter skjermlesaren Narrator.

  4. Mål kontrasten på teksten – bruk til dømes verktøyet CCA hos TPGi.

Steg 3: Produser nyheita

Vel kva medium og kva kanal du lagar saka for. Vel om du vil jobbe med ein tradisjonell eller nyare sjanger. Du kan velje å samarbeide med andre.

Ta omsyn til universell utforming i produksjonen din.

Steg 4: Vis fram produkt og diskuter

Presenter nyheitene de har laga til klassen og diskuter

  • betydninga av universell utforming på skulen og elles i samfunnet

  • den journalistiske kvaliteten på arbeida

Skrive av Albertine Aaberge og Johannes Nag.
Sist oppdatert 08.04.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Lag ei nyheitssak om universell utforming

Gå til faget: Mediesamfunnet 2

Gå til emne: Universell utforming